Øvre Nordherad i Vågå:
Nyoppdaga langhustoft
med gravhaug
- Tekst: Kai Valbjør -



Onsdag 6. juni 2007 tok arkeologigruppa i Heidal Historielag turen til Nordherad i Vågå for å sjå den nyoppdaga langhustofta ovafor Uppigard Visdal.

__Tofta vart oppdaga tilfeldig ved at Morten Visdal rydda ei hamning for einer og anna kratt.
Han la merkje til at det kom fram strukturar i landskapet som ikkje kunne vera naturlege og kontakta fagfolk for å få vurdert funnet skikkeleg. Arkeologane var ikkje i tvil.
Dette er, nesten sensasjonelt, ei langhustoft truleg frå folke-vandringstid. Ca år 500.

__Forsamlinga på 8 personar frå Heidal møtte opp ved Valbjør der Kai Valbjør, som skulle vera vegvisar, orienterte om grav-haugane der på staden og litt om kulturlandskapet .
Vi gjekk til fots delvis langs den gamle vegen mellom Valbjør og Visdalsgardane, og var innom ein gamal åkerlapp der moldbakken og vassveitene fortsatt var synlege.
Den gamle vegen går høgt og vakkert og gav oss eit fint utsyn over mange av dei gamle gardane i grenda.

__Vel framme ved langhustofta orienterte Kai om funnet og etter beste evne om huset og tida med god hjelp av dei interesserte gjestane. (Om folkevandringstida og funnet, sjå eigen artikkel.)

__Vi hadde ein matpause og ivrig samtale om både langhus og andre tema vi var opptekne av før vi rusla nokre meter lenger opp til den store gravhaugen på staden. Ei stor grop i midten av haugen vitna om at den hadde vore røva (plyndra) ein gong i tida.

__Gravskikken den tida var slik at den døde fekk med seg nyttige, ofte kostbare gaver i grava til bruk i det hinsidige. Resultatet vart da ofte at gravene vart plyndra seinare.

__Eg trur alle hadde ein triveleg og, håpar eg, ein interessant tur til Nordherad. Vi venter alle spent på resultatet av ei eventuell utgraving av tofta. Da blir det truleg fleire turar dit.

Valbjør, 2007-12-05

Kai Valbjør

| Meire om LANGHUSTOFTA - ved Knut Raastad|

cheap jordans michael kors outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet michael kors outlet jordan 6 sport blue louis vuitton outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet sport blue 3s louis vuitton outlet sport blue 6s beats by dre cheap cheap jordans lebron 12 louis vuitton outlet jordan 6 sport blue foamposites lebron 11 history of jordan 6s cheap jordan shoes history of jordan 6s michael kors outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet michael kors outlet cheap jordan shoes Nike KD VII cheap jordan shoes Cheap Oakley Sunglasses foamposites for sale history of jordan 6s michael kors outlet history of jordan 6s louis vuitton outlet louis vuitton outlet cheap jordans jordan 3 sport blue