Folkevandringstids-tomt
på Visdal
- Tekst: Knut Raastad -



NORDHERADSPROSJEKTET har i tida frå 1999 registrert kulturminner i Nordherad, rapport vart trykt våren 2005. Dette omfatta vatningsveiter, skifer- og klebber-brot, skålgroper og ein del andre kulturminner. Frå 2005 har Vågå kommune eit registreringsarbeid av kulturminner i bygda, Nordheradsprosjektet er arbeidsgruppe for Nordherad.
Liste var ferdig desember 2005, og omfatta da også oldfunn, bygningar eldre enn 1900 og nedlagte gardsbruk, buplassar og setrer. Av desse er ei tomt i hamnlykkja på uppigard Visdal spesielt interessant (listenummer 369).

__Det var Morten Visdal som tipsa om dette. Nordheradsprosjektet registrerte dette som hustomt med lengde 20 meter og breidde 10 meter. Det vart i registreringa meint at tomta kunne vera gammal, dette vil seia langhus frå førhistorisk tid. Ca. 30 meter lenger nede er det også ei tomt, men denne er ikkje så tydeleg. I området er det gamle rydningsrøyser, d.v.s. små røyser som skriv seg frå ei tid da steinen vart kasta i hop og ikkje kjørt til større røyser. Tomta ligg nesten oppe ved utgjerdet beint opp for tunet på uppigard Visdal. Ho er lett synleg frå turstigen som går mellom Moshuset og nigard Visdal ogofor hamninga på Mo og uppigard Visdal.

__Arkeolog Jan Berge, som er engasjert av Vågå kommune med kulturminneregistreringa, har sett på tomta og vurderer at dette er tomt etter langhus frå folkevandringstida. Sikker datering er ikkje råd utan utgraving. Kulturminner frå før reformasjonen 1537 er automatisk freda, så sjølv ein arkeolog må ha løyve frå Riksantikvaren for graving.
70 meter vest for tomta, på andre sida av bekken, fann Jan Berge ein gravhaug. Haugen er 8 meter i diameter med eit søkk i midten. Som med mange gravhaugar har vel nokon grave for å finne gravgods, dette kan ha skjedd i svært gammal tid.

__Folkevandringstida er definert som tida frå 400 til 550 e.Kr. I denne tida og dei to hundreåra før skjedde det i Norge ein kraftig ekspansjon med mange nye gardar. Mange av desse gardane vart rydda og bygde høgre opp og lenger frå tidlegare busetjing. Siste halvdelen av 500-talet vart mange gardar fråflytte og nedlagt, på same måten som etter Svartedauden var det dei mest marginale gardane og grendene som vart oppgjeve. Kva som var bakgrunnen for nedgangstida er usikkert, men det ser ut til at attende-gangen har skjedd på stutt tid. Skriftlege kjelder frå lenger sør i Europa nemner store pestepidemiar både i 542, 552-554 og seinare på 500-talet (Aschehougs Norges Historie 1994 s. 198).

__Langhus hadde plass til folk i eine enden og fe i den andre og kunne vera einaste huset på garden. I heile perioda frå bronsealderen til vikingtida var konstruksjonen slik at taket vart halde oppe av to rekker med jordfaste stolpar eit stykke innanfor ytterveggane. Når stolpane rotna kunne husa byggjast opp att ved sida av, tomta lenger nede kan vera eksempel på at huset har stått der tidlegare. Men i bratt terreng der det var vanskeleg å finne tomter, var det nok meir vanleg å skifte stolpane der huset stod. Kor lenge huset på Visdal har vore i bruk er dermed usikkert utan utgraving.
Ytterveggane var av plank, og utanpå kunne det vera brukt torv som isolasjon. Innvendig var huset dermed mykje smalare enn 10 meter. Tomta er høgre enn terrenget innanfor, dette er truleg på grunn av torva frå vegger og tak. Dette kan vise at huset har vorte ståande tomt og til slutt falle over ende, og styrkar dermed teorien om plutseleg opphøyr av busetjinga. Tomta lenger nede har ikkje slik tydeleg høgde over terrenget, dette kan tyde på at huset har vorte nedrivi for å bli flytta.

__Innanfor Visdal ligg Ros-kampen, og der husa på uppigard Visdal ligg heiter det Ros-ekra. Ein kan spekulere i om denne garden som er borte har hatt namnet Ro. Oluf Rygh har i boka "Norske Gaardnavne" tolka gardnamnet Ro i Heidal (Ryen) slik at det kjem av ruk som er ein liten stakk av kornband. Ei anna tolkning kan vera rud som tyder rydning; også Spakrud blir uttala Spakro.

Knut Raastad


jordans for sale michael kors outlet Michael Kors Outlet Louis Vuitton Outlet michael kors outlet louis vuitton outlet kate spade outlet coach factory online history of jordan 6s louis vuitton outlet jordan 3 sport blue beats by dre outlet louis vuitton outlet sport blue 3s louis vuitton outlet history of jordan 6s louis vuitton outlet jordan 6 sport blue louis vuitton outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet jordan 6 history of jordan louis vuitton outlet jordan 3 sport blue michael kors outlet michael kors outlet kate spade handbags jordan 11 legend blue louis vuitton outlet michael kors outlet jordan 6 sport blue jordan 6 history of jordan Louis Vuitton Outlet louis vuitton outlet michael kors outlet history of jordan 6s lebron 12 kate spade outlet