Side 3

Sakristiet og vindfanget vart rivi av og fjerna, men dei to portalstavane vart ståande - og sidan verna med eit låsbart deksel. Andre verdifulle ting vart au sikra: Tårnspiret, dei to klokkene, preikestolen, døypefonten, altarsylv og ljosstakar, og så det kjende krusifikset. (Dei fire sistnemnde tinga kom til «Thabor»-kyrkja, og dei tre sistnemnde vart berga frå brannen.) Årstalet 1807 er funni på ein av dei øvste røstekubbane, og kanskje var det da kyrkja vart til uthus. Sikkert er det at i 1820 flytte Bjølstad-eigaren huset ned på vollen nedafor garden fordi han trong tufta til eit stabbur som skulle tene som kornmagasin. (Kyrkjegardsporten, eit ørlite tømmerhus, var alt tidlegare komi ned til plassen Bjølstadmo.) Der nede vart "kyrkjelyu" stående som høylåve og lagerhus heilt til Heidal Ysteri måtte ha tufta til ny lagerbygning i 1946. Da vart ho teken ned og lagra nokolunde trygt mot vær og vind i påvente av ei mogleg gjenoppbygging ein gong.

xxxTanken om attreising av Bjøstadkyrkja hadde vori aktuell alt da "Thabor"-kyrkja hadde brunni i 1933. Eigaren av Bjølstad den gongen, Thor Tofte, gav da den gamle kyrkja og det gjenverande utstyret til bygda for at Heidal kunne få seg ei "interimkyrkje" inntil ei ny var reist. Samtidig gav Peder Heringstad grunn til utviding av kyrkjegarden så ho kunne bli plassert nær den nye som skulle byggjast der «Thabor» hadde stått. Av mange grunnar vart det ikkje noko av den attreisinga da. Men nokre år etter at den nye Heidalskyrkja var vigsla, og da krigsåra var over, skulle det skje: Arkitekt Bredo H. Berntsen vart kontakta, og like eins riksantikvariatet. Det tok tid å få godkjent planane, for det var noko tvil om kva form kyrkja hadde hatt opphavleg. Å skaffe pengar til arbeidet var heller ikkje gjort i ein fei, men med offentlege tilskot og private ytingar vart dei finansielle problema løyste. Og i 1956 vart grunnsteinen lagt. Attreisinga kunne ta til.
xxxHeidals eigne handverkarar stod for oppattbygginga: Trygve Fjerdingren var byggmeister, godt hjelpt av Mathias Løkken, Pål Ekre, lver Krukhaugen o.fl. Mykje tømmer laut skaffast i tillegg til det som fanst att av det eldgamle bygget. Bl.a. til nytt kor og sakristi. Noko vart gitt, og noko vart kjøpt. Tømmer og plankar frå gamle hus gjorde fullgod nytte. Koret vart lafta av tømmer frå ein stall på Bjølstad. Ytterpanel til sakristiet vart saga av tilsvarande gamalt. Golvplankane i koret er frå ein låve på S. Harildstad, og det er enda mogleg å sjå merke eller hestesko i dei, Til taktekkinga trongst tusenvis av tre-spon, som Iver Krukhaugen o.a. saga og telgde til.
xxxTrygve Fjerdingren var ikkje berre byggmeister og lafteekspert. Han utferda òg sjølve innreiingsarbeidet. Men altertavle, benker og ymist anna som måtte lagast nytt var det - sameleis som til "hovudkyrkja" - Mathias Fjerdingren som stod for arbeidet med, etter teikningar av riksantikvaren.
| Neste |

coach outlet history of jordan 6s jordan 3 sport blue coach outlet online louis vuitton outlet louis vuitton outlet legend blue 11s kate spade outlet foamposites for sale louis vuitton outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet Kate Spade Outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet cheap air jordans jordan 6 history of jordan jordan 3 sport blue cheap jordan shoes jordan 6 sport blue retro jordans for sale michael kors outlet coach outlet online michael kors outlet Louis Vuitton Outlet Louis Vuitton Outlet louis vuitton outlet michael kors outlet louis vuitton outlet coach factory online cheap jordans lebron 12 Louis Vuitton Outlet beats by dre outlet sport blue 6s louis vuitton outlet cheap jordan shoes history of jordan 6s sport blue 6s history of jordan 6s