Side 2

xxxMaterialer fra Prestgardskyrkja vart brukt til kor, sakristi og (truleg) vindfang eller våpenhus. Men det mest interes-sante frå den gamle stavkyrkja er nok dei to portalstavane med den merkelege utskurden: stiliserte dyrefigurar i kamp, truleg symbol på striden mellom godt og vondt. Ekspertar meiner dette er av den eldste treskurd som finst her i landet. Såleis skriv arkitekt Herman M. Schirmer (under tittelen "En overseet gammel Kirkebygning":
"Arbeidet viser nemlig en teknisk eiendommelighed, som ellers er ukjendt. Hvor slyngningerne skjærer hinanden, ligger de i samme plan, men der er paa begge sider af den slyngning, som skal ligge over, gjort et dybt indsnit i den som skal ligge under. Disse indsnit ser ud som de var udførte med et lidet bøiet sagblad og er temmelig dybe. Denne behandlingsmaade er vistnok primitiv, men giver dog meget klare og skarpt fremtreedende konturer, og systemet er konsekvent gjennemført ved begge thiler."
Eit anna klenodium frå stavkyrkia er eit krusifiks, ein liten metallskulptur av den tornekrona Kristus på ein trekross, laga i Limoges i Sør Frankrike. Døypefonten òg kom med frå Prestgard. (Døypefontar var gjerne rekna for heilage ting som skulle takast vare på.)

xxxÅ halde ei kyrkje i god stand gjennom harde nødsår var nok ikkje lett. Vedlikehaldet av Bjølstadkyrkja skulle eigarane av garden stå ansvarlege for, står det i Povel Huitfeldts stiftsbok (1574/76), men i eit brev (datert 4/6- 1600) heiter det at Bjølstadfolket "(---) hauffuer Paa dieris Egenn Arffue Tompt Op Bygtt dette Annexis Kiercke, Efftherdij denn Gammill Kiercke som stodt hoss Prest Gardenn Vdij forskrefne Hædall Var Nedt faldenn, Och Ikce Vedt magt holdett, och Nu beklager Sig Biølstafolck, Att Dij ikce formaa att holde samme Kiercke Ved Magt, Efftherherdij Denn er Nu Aldielis forfaldenn Och Maa Paa Nye opbygis (---)."
Og utover på 1700 talet var det dessutan vorti så mange innbyggjarar i Heidal at Bjølstadkyrkja au var for lita, og ho vart avløyst av ei ny: Thabor-kyrkja på Heringstad-moen.

Bjølstadkyrkja ny-reist
xxxMange tilreisande stussar på korfor Heidalskyrkja har ei "veslesyster" ståande like innved. Kan det vera--- ? Jau da, sanneleg er det den gamle Bjølstadkyrkja, ho som vart til overs i 1754 da «Thabor» var komen i bruk. Ho vart ståande på tufta si enda i bortimot 70 år, men vedlikehaldet vart det så som så med. Gerhard Schøning skriv i ei melding fra ei reise gjennom dalen i 1775: "Den haver været kun liden, med et lidet spir, men staar nu og nedraadner af sig selv." xxxDa hadde eigaren av Bjølstad kjøpt ho av allmugen for 20 riksdalar. Jordstykket som hadde vori kyrkjegard, gav han 80 r.d. for. Dette tok han på seg å gjerde inn og tryggje mot vanhelging, men sjølve kyrkja vart omlaga til låve !

| Neste |

beats by dre outlet cheap jordan shoes lebron 11 louis vuitton outlet history of jordan 6s history of jordan 6s nike kd vii louis vuitton outlet louis vuitton outlet Louis Vuitton Outlet michael kors outlet louis vuitton outlet new jordans Retro Jordans For Sale Cheap Oakley Sunglasses sport blue 6s louis vuitton outlet michael kors outlet history of jordan 6s foamposites for sale louis vuitton outlet history of jordan 6s history of jordan 6s louis vuitton outlet Louis Vuitton Outlet louis vuitton outlet jordan 6 history of Jordan Lebron 11 louis vuitton outlet louis vuitton uk jordan 6 sport blue louis vuitton outlet jordan 6 sport blue history of jordan 6s coach factory outlet michael kors outlet cheap air jordan shoes jordan 6 sport blue jordan 6 history of jordan Louis Vuitton Outlet