Bjølstadkyrkja
- blant bygdas fremste skattar
Kjelde: "Kyrkjer i Heidal", Olav Nesse 1991
Foto: Dølabilde / Bårdløkken / Arne J. Randen


Kyrkjer i Heidal
xxxAt religion har prega folkelivet i Heidal gjennom tidene, har vi særleg godt vitnemål om i dei gudshusa som heidølene har reist. Alt i førkristen tid fanst det kultus-stader i dalen. Gardsnamnet Horgje (Horgvin) kan tyde på det. Det er heller ikkje usannsynleg at eit gudehov var emne til den fyrste kristne kyrkja i Heidal - stavkyrkja på Myklabóstaðir.

Prestgards-kyrkja
xxxDei to gardane søre og nørdre Prestgard var frå fyrstninga ein gard med namnet Myklabóstaðir (d.v.s "stor-bustad"). Kyrkja stod på den nørdre, der tufta framleis kan påvisast. Det var ei lita stavkyrkje, som kanskje vart bygd så tidleg som like etter år 1000. Yngre enn frå 1050 er ho knapt, etter det sume ekspertar har hevda. Heilt fram til vår tid er det gjort funn som syner at det har vori kyrkjegard for bygda der. Mengder av menneskebein har komi for dagen, og dessutan ein del gravsteinar, bl.a. nokre av kleber med solhjul-symbolet utskori. Da professor Schreiner dreiv utgra- ving der i 1925, fann han om lag 30 godt bevarte skjelett. Ein del av desse låg i ei fellesgrav, og det er grunn til å tru at det var lik frå Svartedauden.
xxxI "Beskrivelse over Gulbransdalens Provstie" (1780) fortel H. F. Hiorthøy: "Der blev paa Gaarden omhyggelig bevaret et temmelig stort Bind læselig skrevne latinske Prædikener, forfattet efter Sigende af den sidste Præst. En vis Embedsmand her i Egnen laante Bogen af nuværende Opsidder, for at vise den til salig Archivarius Schönning, da han reiste her igiennem i bekiendt priselig Ærinde, og blev dyrt forsikret at levere Bogen tilbage, men Löftet er endnu uopfyldt."
Ei segn fortel at ei grov vanhelging av kyrkjegarden gjorde at kyrkja måtte flyttast. Kor sann segna er, veit ingen. Men i alle fall, på 1500 talet vart Prestgardskyrkja flytt til Bjølstad. grannegarden nordafor.

Bjølstad-kyrkja
xxxPå Bjølstad vart vel kyrkja sett opp att noko nær slik ho hadde stått på Prestgard, altså som stavkyrkje. Sume meiner det'skjedde i 1531, for det årstalet er funni på ein stokk, men helst var det noko seinere. I mange år framover vart ho verande stor nok for det vesle folketalet i Heidal, som sjølvsagt hadde vorti hardt medfari av Svartedauden og lange uårsperiodar. Men omsider auka folkemengda slik at kyrkja vart for lita, og det laut byggjast ei større. Den nye Bjølstadkyrkja vart tømra, og ho er rekne som ei av dei fyrste lafta kyrkjene i landet. Ho fekk eit lite tårn med spir. Etter våre omgrep var heller ikkje ho stor, visstnok berre 6,95 x 6,67 m - og både innreiing og innbu var svært einfelt.
| Neste |

sport blue 6s michael kors outlet louis vuitton outlet Cheap Oakley Sunglasses beats by dre cheap louis vuitton outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet jordan 3 sport blue kate spade outlet louis vuitton outlet jordan 6 sport blue history of jordan 6s lebron 12 Louis Vuitton Outlet louis vuitton outlet Louis Vuitton Outlet sport blue 3s new jordans jordan 6 sport blue jordan 3 sport blue jordan 3 sport blue jordan 6 sport blue Kate Spade Outlet louis vuitton outlet foamposites for sale louis vuitton outlet cheap jordans louis vuitton outlet louis vuitton outlet cheap jordans Lebron 12 louis vuitton outlet sport blue 6s louis vuitton outlet louis vuitton outlet history of jordan 6s michael kors outlet louis vuitton outlet lebron 11