Styremøte 24. november 2016


Torsdag den 24. november 2016 kl. 1800 blei det avholdt styremøte i  Kyrkjestugu.
 Tilstades: Arne Andor Randen,  Sverre Svindland,  Åse Skogum ,  Rita Randen, Svein Sæther, Knut Klashaugen og Per Prestgard.  Gustav Ekre hadde forfall.


Sak. 1: Orienteringssaker.
 A. Maihaugen sin støtte/venneforening skal på vitjing til Heidal i september 2017 og dei har i det høve forespurt historielaget om forslag til interessante stadar å vitje. Formannen har sent dei ei lang liste over plassar som kan vera aktuelle.
B. Lokalavisen Norddalen har gjeve historielaget løyve til å publisere aktuelle avisartiklar på heimesida si, men fyrst ei veke etter at avisa har kome ut.


Sak 2: Årsmøte for 2016.
 Det var semje om at ein skulle prøve å avholde årsmøtet for 2016 på skula  torsdag den 16. februar 2017 kl. 1800. Per  undersøker om ein video han kjenner til kan vera aktuell som underholdningsinnslag. 9. klassen på skula vil som vanleg stå for kaffi og biteti.


 Sak 3: Materiell hos Sverre Nybø.
Denne saka vart utsett.


Sak 4: Lagring av materiell i norddalsarkivet og andre stadar.
Denne saka vart utsett.


Sak 5: Evaluering av boksleppet.
Styret var godt tilfreds med gjennomføringa. Alt fungerte som gjennomtenkt. Bra omtale av boksleppet  i avisene på førehånd. Bra og passande underhaldning . God presentasjon av årboka og god servering. Honør til årbokkomiteen for ny årbok og godt  arrangement.  Det var mykje folk på boksleppet og årboka selde bra. Sjå bilder på heimesida.


Sak 6: Møtelokale for historielaget etter 31. mai 2017.
Denne saka blir å avventa til utpå nyåret.


Sak 7: Gåver.
Det blei vedteke at Asbjørn Ringen, Gudmund Harildstad og Tor Prestgard skulle få kvar si årbok for utlån av bilete/ hjelp under gjennomføringa av Kristian Prestgard jubileet  nå i mai.
Asta Bekkemellom får årbok og blomster for kaffiserveringa i samband med turen til Espesetra under ope helg, sjå referat på heimesida.
Arne ordner med dette.


Sak 8: Eventuelt.
Det blir ordna med stand på julemessa på håndverkstunet nå til laurdag og på Øytun til sundag for sal av årboka.
Vedteke støtte til grendahusa er nå utbetalt. Arne ber om attendemelding om kva støtta er brukt til.
Rita gjorde greie for arbeidet i slektsgranskargruppa med systematisering av feil/endringer i  Gards- og slektshistoria. Det skal vera eit møte i desember der opplegget for dette vil bli drøfta. Resultatet kjem dei attende til i neste møte.
Per etterlyste eit oppsett til forretningsprotokoll for styret og undergruppene som han hadde utarbeid for fleire år sidan.
Arbeidet med Heidalsmålet blei etterlyst. Dette er det Gustav som har teke seg av så saka må avventast til neste møte.
Neste styremøte blir venteleg fyrst på nyåret.
Møtet slutt kl. 2000


Ref. Sverre