Styremøte 28. juli 2016


 

Torsdag den 28. juli 2016 kl. 1800 blei det avholdt styremøte på Kyrkjestugu.

 Tilstades: Arne Andor Randen, Rita Randen,  Sverre Svindland,   Åse Skogum,  Gustav Ekre, Svein Sæther  og Knut Ivar Klashaugen.  

Sak. 1:

Kristian Prestgard-jubileet. Evaluering. Seminaret på Sygard samla bortimot 30 personer og dette var vellukka på alle måtar.

Hyggekvelden i Heidalshallen gjekk etter programmet og vart godt gjennomført, men det var plass til fleire folk. Totalt sett er styret godt nøgd med gjennomføringa.

Økonomisk gjekk jubileet i underskott med kr. 12.000,-

Sak 2:

Ope Helg arrangementet. Vandringa som historielaget tradisjonelt har hatt vil i år gå føre seg på Espesetra om sundagen og det er turkomiteen som står for gjennomføringa.

Ellers vil opplegget bli slik som i fjor med eige stand med quiz, boksal og medlemsverving.

Sak 3:

Bruk av Heidal Skule. Historielaget har opp gjennom åra hatt god nytte av skule til diverse møter og arrangement. Som ein liten påskynning for dette blei det vedteke å gje skula  5 eks av gards- og slektshistoria i to band. Arne og Gustav tek seg av overleveringa.

Sak 4:

Årboka «I Heidale». Gustav redegjorde for arbeidet så langt. Han rekna med at det er nok stoff til boka i år au, men det byrja å haste med å få alt på plass. Det er teke sikte på bokslepp midt i november og det blir jobba med programmet for kvelden. Eventuell annonsering i kulturkalenderen tek Gustav og Arne seg av.

Sak 5:

Gards- og slektshistoria.  Det kjem inn ein del rettingar til bokverket. Slektsgranskargruppa har plan om å ta fatt i dette til hausten og gå gjennom  innkomne data og presentere alle rettinger samla. Dette vil bli lagt ut på heimesida og ajourført fortløpande.  Åse og Rita tek seg av dette.

Sak 6:

Saker opp på tidlegare møte. Heidalsturist har nå vedteke å overføre eigarskapet til skiltet om blankenborggutan som møtte trolla på Heidalsskogen til Historielaget. Dette er endå ikkje ordna formelt (skriftleg). Ein vil avventa eventuell restaurering av skiltet til dette er gjort. Gustav tek kontakt med representant for Håndverkstunet om dette.

Styret har endå ikkje lukkast med å få ein ny ansvarshavande for heimesida. Sverre tek kontakt med aktuell person til vervet og med Arne Ekre.

Sak 7:

Ymse. Slektsgranskargruppa er interessert i å holde møta sine på håndverkstunet. Dette kan la seg ordne. Det kan og vera aktuelt å leige ein fast plass (rom) på håndverkstunet som laget disponerer på heiltid. Arne tek kontakt med styret i håndverkstunet om dette.

Gustav har fått opplyst at det er skader (sprekker) på statuen av Jo Gjende. Arne tek kontakt med kunstnaren om korleis ein skal gå fram for å ordne med dette.  Lyssettinga av statuen er ikkje kopla på. Dette må vi ordne med før hausten.

Gustav opplyser at det er innkjøpt ein brukt PC som blir brukt i samband med årboka og reknskapen. Denne koster kr. 2.500,-

Turgruppa og organiseringa av denne blei drøfta. Dei har endå ikkje gjennomført noko tur men vil stå for gjennomføringa av turen i samband med ope helg. Svein Sæther vil trekke seg som leiar men lovte å kalle inn til møte for å drøfta organiseringa og aktuelle turmål.

Ein tek sikte på nytt styremøte midt i september.

Møtet slutt kl. 2015

Ref. Sverre