PER RUSTEN SKÅP/SKRIVEPULT

I 2010 fekk historielaget eit stort skåp/skatoll av Ragnhild og Sverre Glad saman med ein del  papirer og anna trykt materiale. Skåpet blei sett på lager i kjellaren i Heidalshallen i påvente av ei betre plassering. Skåpet er utruleg høgt og går ikkje inn i rom med vanleg takhøgd.

Flyttegjengen.

Nå har me fått lov til  å sette skåpet i Veslstugu ved Ysteriet/Håndverkstunet. Her passar skåpet godt inn i det øvrige interiøret.

Skåpet er laga av Per Rusten i 1910 og er tinga av Heidal kommune. Skåpet har nok i etterkant vore i bruk heile tida Heidal var eigen kommune, 1908 – 1965, og det stod i det gamle kommunehuset då Ragnhild og Sverre Glad overtok dette. Skåpet har såleis historisk verdi og det er viktig at det blir teke vare på for ettertida. Plasseringa skåpet nå har fått vil gjere det meir synleg og historia kring dette vil bli meir kjent.

Skåpet/skatollet er nå på plass i Veslstugu.

Planen er at det etter kvart vil koma meir inforfmasjon om Per Rusten og skåpet.

SS