|
|
|
|
|
|
Prestgardsbrua og isforra i 1956
. Helge Hålåsæter har leita fram att to bilder han tok i 1955 og 1956
og som syner korleis isforra bar seg åt med Prestgardsbrua denne vinteren.
Heidølene kan merkeleg nok takke naturkreftene for at det vart ny og solid bru.
Helge skriv: "Fargebildet syner enden av brua med bustadhuset på Nybø
i bakgrunnen. Det viser at bru-lekamen var 5-6 meter over vatnet i 1955.
Det andre (nedanfor) er teke i februar 1956, og vi ser at isforra skadde brua stygt.
Mor hadde telefonsentralen den tida og vart varsla frå lenger oppe når forra for. Slik au denne gongen, og da eg hadde fridag på skulen, kom eg til å vera på rett stad til rett tid. Dette var forresten under dei olympiske leikane i Cortina d'Ampezzo."
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|