Nokre draumar og tankar er kanskje i luftigaste laget, men likevel må det vera lov å ytre ynskje om noko som ein veit kunne bli ein ny, fin attraksjon i bygden.
Det er kan hende ikkje særleg prega av realisme når det her lanserast tanke om
ei oppgangssag etter kjend, gamal model, men slike sager har vi haft før
her i dalføret, og tenk kor artigt det ville vore om ein på nytt kunne få sjå ei slik ei i verksemd attmed Trykjun, i Skitjøynnbekkjè eller uppmed Sjo’n ein stann.
Kan hende finnst det ein eller fleire lokale ”Onkel Skruer” som kunne tenkja seg å bidra til eit slikt prosjekt. Og Sjoa og Heidal Gammeltekniske Forening burde vera ein av mange interessentar, i lag med historielaget, kommunen og andre.
FØR CA. 1850 var oppgangssaga einerådande blant sager drivi av vasskraft. Mange vart òg drivi med handmakt, og så seint som da Heidals-hotellet vart bygd, stod det to karar og hand-saga alle materialane som trongdes. Stokken vart lagt opp på høge bukkar, og så stod den eine under og den andre over og drog sagbladet. Han under måtte sanneleg ikkje vera redd for flis korkje i augom eller innafor skjurta. - - - "Kjært barn har mange namn":
                                                                                               Oppgangssag, grindsag, gittersag eller rammesag. Umgrepet opp-
                                                                                               gangssag kjem av det rett opp- og nedgåande sagbladet. Etter kvart
                                                                                               vart det òg mogleg å setja inn fleire sagblad i same maskina.
                                                                                               Oppgangssaga vart brukt til produksjon av plankar og bord av
                                                                                               tømmer. Den eldste, kjende oppgangsaga, frå ca. 1230, vart drivi av
                                                                                               vasskraft, men den var utanlands. Eit stort framsteg i høve til
                                                                                               manuell saging eller tilhogging av trelast. Fyrst på 1500-talet er det
                                                                                               registrert bruk av oppgangssager her til lands. Bruken fekk ein
                                                                                               voldsam vokst, og det vart etter kvart bygd sager i nesten kvar
                                                                                               einaste elv og foss av nokon størrels. På midten av 1600-talet var
                                                                                               det truleg rundt 1.750 sager i drift i Norge. Mesteparten av trelasta 
                                                                                               vart eksportert, noko som gjorde trelast til landets viktigaste
                                                                                               eksportartikkel. Samstundes førde dette til ei uppblomstring av  
                                                                                               skipsfarten.
Rundt 1850 kom det to uppfinningar som førde til slutten for oppgangssagene; sirkelsagbladet og dampmaskina. Sirkelsaga ga raskare saging og ei jamnare overflate. Og dampmaskina ga moglegheit for heilårsdrift, og nye sager kunne plasserast uavhengig av elvane. Mange stader kunne ein tidlegare få brukt sagene berre i flomtider grunna lite nedslagsfelt for nedbør til vassdraget.

Strømmen, eit stort industriområde også i gamle dagar
Tidlegare var Strømmen eitt av dei store industriområda når det
gjaldt trelast – og også mølle-verksemd. Fallet i elvefaret over ca.
ein kilometer er berre på 45 meter, men på denne stutte strekninga
fannst det heile 30 oppgangssager og 5 møller. Det vart bygd
tilsaman 7 demningar for å sikre tilstrekkeleg driftsvatn.
Sagperioden kom i gang i 1520, men da hadde møllene allereie
vore i drift i over 200 år. Før jernbanen overtok ga verksemda
arbeid til 400 mann og 2000 hestar med transporten til planke-
tomtene i Bjørvika i Kristiania.
Hestestallane var eit kapittel for seg; det vart sett opp fleire av
desse langs elva, som regel laga av bakhon. Fleire kunne huse upp
til 40-50 hestar, den største heile 150 hestar.                                                    
  
                                                                                                                                                                                                                                    
Det nye saghuset ved Sagelva i Strømmen
Ny sag vert planlagd
Tanken om ei ny oppgangssag på Strømmen grodde fram alt frå rundt 1990. Det vart besøk ved ei restaurert sag i Aurfjordsbotn i Troms og til Gjersjøsaga ved Ingierstrand. Så i 2002 vart Sagelvas Venner stifta, og arbeidet skaut deretter fart. Eit samarbeid med kommunen vart etablert i 2007. Dette innebar at Sagelvas Venner skulle koste sjølve saghuset, medan kommunen tok på seg grunnarbeidet, deriblant naudsynte demningar.
Finansieringa vart i stor grad ordna gjennom div. bokprosjekt i regi av Sagelvas Venner. Tilsaman ga bøkene eit bidrag på 1,1 mill.kroner.
I april 2009 kunne så arbeidet med saga starte opp. Kommunen kosta fundamenteringa til saghuset og naudsynte reparasjonar av demningar. I september kunne så ordføraren foreta den offisielle opninga av Strømmensaga.

Området teiknar til å bli eit kulturelt midtpunkt for Strømmen; her er konsertar og ymse andre arrangement.
Bl.a. feira Lions Club Strømmen sitt 40 års jubileum der nyleg og passa samstundes på å overrekkje ei gåve på heile 70.000 kr. til Sagelvas Venners nyaste prosjekt, ei mølle som er under planlegging. Og ”Vennene” kviler ikkje på laurbærene elles heller; dei har liggjande fleirfaldige bestillingar på trelast frå ymse hald.

Det er innleia eit samarbeid med skulane i prosjektet ”Den Kulturelle Skulesekken” der elevane får koma for å sjå saga demonstrert og få kjennskap til historia bakanfor.

Sagelvas Venner valde Gudbrandsdalen for å finne verkelege ekspertar på lafting; det er Jora Bygg og Laft AS på Lesja som har levert saghuset.

Det finns sikkert eldsjeler i Heidal som kunne tenkja seg å fronte eit liknande prosjekt, men kven vil i såfall sparke det i gong ?

Opplysningane om Strømmensaga
er henta frå Steinar Bunæs sitt hefte
"Sagelva får igjen sin oppgangssag"

cheap jordans jordan 3 sport blue louis vuitton outlet louis vuitton outlet lebron 12 sport blue 3s legend blue 11s history of jordan 6s history of jordan 6s michael kors outlet louis vuitton outlet jordan 3 sport blue louis vuitton outlet jordan 6 sport blue kate spade outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet history of jordan 6s michael kors outlet jordan 3 sport blue louis vuitton outlet michael kors outlet louis vuitton outlet beats by dre outlet jordan 3 sport blue cheap louis vuitton louis vuitton outlet cheap jordans louis vuitton outlet cheap jordans beats by dre solo foamposites black suede sport blue 6s jordan 6 sport blue sport blue 3s sport blue 6s louis vuitton outlet beats by dre cheap jordan 3 sport blue jordan 6 sport blue