Det fannst -og finnst- menneskje som ein berre må beundre for eit ukueleg pågangsmot
og evne til alltid å sjå det ljose i alle situasjonar. Eit slikt var Anders Lysgård, som Anton Lilleseter hyllar
med denne artikkelen i Årbok for Gudbrandsdalen i 1968


__________ Av Anton Lilleseter


Eg hugsar så godt fyrste gongen eg såg han Anders Lysgård. Da var eg ein gut-labb på seks-sju år. Han Anders kom ruslande, roleg og god, heim te oss ein tur. Kva ærend han hadde, har eg gløymt nå. Men eg kjem i hog kor forundra eg vart, da denne karen kom inn, helste og sette seg. For han Anders hadde ikkje hender! Båe hendene hans var avkappa ved hand-leda. Noko slikt hadde eg aldri sett før, eg.
Det gjekk ikkje lenge før ho mor tok te å tukle med kaffekjelen, og koppar og kaffemat kom på bordet, som skikken var når framandfolk kom innom. For meg vart dette meir og meir spanande. Korleis i heile reinskapte verda skulle ein som vanta båe hendene greie å drikke kaffe. Det var ein liten ein som fylgde godt med. Men det rare var at han Anders greidde det like godt som nokon av dei andre.

Da eg vart større, lærde eg han godt å kjenne. Snart fekk eg både sjå og veta at han Anders var mann for meir enn å drikke kaffe utan hender. Og når eg nå vil risse denne mannen nokre minneruner i Årboka, er det fordi eg meiner at slike som han fortener å verta hugsa. Ja, dei har kanskje lite grann å lære både den eine og den andre tå oss som lever i dag.

Tidleg ut i arbeidslivet
- Det var på Lysgård i Nedre Heidal at han Anders kom åt verda den 18. februar i 1888. Som vanleg i dei tider, måtte han tidleg ut og tene sitt eige brød. Berre ni år gamal kom han åt Bræebygda i Sel, der han gjætte i tre somrar på Holsætra og ein sommar på Busætra. Sia vart det gardsarbeid i fleire år. Fyrst på Søre Harildstad i Heidal, så på Suleng ved Harpefoss, på Kampesæter i Skåbu og på Ro i Gausdal. Medan han var på Søre Harildstad, var han med far sin og tømra opp eldhusstugu der.

Ut på anlegg
Men så drog den unge, spræke karen ut på anlegg. Arbeidet på Dovrebanen var kome i gang. Der fekk han Anders seg arbeid. Han vart snøgt ein dyktig og velrøynd anleggskar, som både arbeidskameratar og overordna laut setje pris på. I 1914 arbeidde han i ein tunnel i Drivdalen. Der var det han var ute for den ulykka, som med eit slag kom til å endre lagnaden hans, så han ikkje ein gong stod att med to tome hender. Ulykka hende den 14. mars i 1914, og gjekk slik te:
Han Anders og to andre gudbrands-døler, han Ola Asperanden frå Sel og han Kristian Huset frå Ringebu, arbeidde på nattskift i tunnelen. Ola arbeidde på ”galleriet”, dei kalla, og han Anders og han Kristian arbeidde i botnen og hadde slått inn ein ”stor-liggjar”. Så skulle dei ”brenne” med fem-seks kilo sprengstoff. Han Kristian putta det inn, medan han Anders stod på kne rett for holet og dytta med ladestokken. Han Kristian laut avstad og hente meir sprengstoff, han. Og han Anders nytta da tida til å putte inn dei ”gubbane” som var att og dytte etter med ladestokken sin.

Den skjebnesvangre dagen
Da var det at det small. Det vart bekmyrkt i tunnelen med ein gong, og han Anders for gjennom lufta mot utgangen, til han vart liggjande ved ei tralle 15-18 meter unda eksplosjons-staden. Han Anders var ved full sans og samling der han låg, men han greidde ikkje noko med hendene.
Han gav seg likevel ikkje.

Ved hjelp av albogane kom han seg på føtene i steinrøysa. Og han stod da kameratane kom te hjelp. Men han var ille medfaren. Båe hendene var kutta av ved handledene, kleda var rivne av han, og han var sundslege og brendt, både her og der. Alt var ei grå tåke for han, for synet var òg borte.

Sjukehuset gjorde godt arbeid
Overlege Torp på sjukehuset på Lillehammer tok i mot da han kom dit. Legen gjorde godt arbeid med å lappe han i hop att. Han fekk også att synet. Men båe hendene vanta. Slik kom han ut frå sjukehuset. Den staute 26-åringen var med eitt vorten krøpling og dermed hjelpelaus for heile livet - slik det såg ut, både for han sjøl og for andre. Han kom nå til Sophies Minde, der han var i tre år og lærde seg snikkararbeid.

Solskinnsmennesket
Etter opphaldet der kom han attende til heimbygda. Men ikkje som den ulykklege krøplingen mange hadde venta. Nei, det var ein ungdom med både vilje og livsmot, som hadde vokse på vanskane. Og det fyrste han tok fatt på, var å planleggja sin eigen heim. Noko hjelp måtte han ha til husbyggjinga, men sjøl var han med heile tida. Heimen sin kalla han Solheim, og det namnet høvde godt på heimen hans Anders Lysgård. For han var sjøl eit solskinsmenneske i all si ferd. Etterkvart kom han til å leggja ned eit stort arbeid på Solheim. Den steinute tomta rydda og dyrka han til ein vakker og velstelt hage, der både poteter, grønsaker, bærbusker og epletre voks og treivst.

I 1930 gifta han seg med Kari Bilben. Med henne fekk han ein trufast ven og ein god medhjelpar heile livet sitt ut. Dei høvde så godt i hop desse to, stille og fredelege som dei båe var. Og heimen deira fekk sitt særmerke av dei. Der vart alle som kom innom teke mot med venskap og varme. Støtt var det like gildt å kome åt Solheim.

Eigen snikkarverkstad
Heilt på eige hand bygde Anders seg snikkarverkstad. Der likte han seg nok særleg godt. Der dreiv han med dreiing, møbelsnekring og andre former for trearbeid. Kor mange bakste-
kjevle han hadde laga, hadde han nok ikkje tal på, men at det gjekk opp i tusener, er visst. Alt han laga til var framifrå solid og velgjort. Og arbeidet hans vekte undring på fleire utstillin-
gar for kunsthandverk. Mellom anna var han representert på ”Vi Kan”-utstillinga i Oslo med eit svært forseg-gjort, dreia trefat. For oss vanlege menneske, er det ufatteleg korleis han
kunne makte alt dette utan hender med fingrar.

Grov eigen brunn
Men han stod faktisk ikkje i beit med noko slag arbeid. Eg kan nemne at i 1953 grov han seg vassbrunn, også med eigne hender. Brunnen var heile åtte meter djup, og berre til siste
meteren hadde han hjelp. Etter gravinga drog han stein frå oppi bakkane og mura opp brunnen innvendig. Det var eit arbeid som mange var forundra på korleis han greidde. Sjølsagt skulle det både tid og tolmod til, men han Anders var ein av dei få i tida som også hadde det.
Han var ein ivrig fiskar, og i fristundene sine om sommarkveldane stod han jamnt utmed Sjoa med fiskestonga. Det var ikkje så få sprellande aurer han fekk på kroken sin, både der og andre stader. Han fekk tid til så mykje. Og både i arbeid og fritid var han støtt den same, logne og rolege karen.
Sjøl har eg så mange gode og rike minne frå møte med 'om Anders Lysgård. Siste gongen eg gjesta han, var tre veker før han døydde. Da eg kom inn på tunet, var det vakkert og velstelt som alltid før. Han Anders stod og hogg ved, da eg kom. Og den sundhogne veden vart lagt opp i lad etter lad til tørk. Det vart ikkje snøgt vedlaust der i garden.
- Du har mykje god ved, du Anders, sa eg. - Å jau, det skal nok bli ei råd med ved att, lell, svara han Anders. Eg fekk nemleg hogge noko oppi bakkom her og dra heim. Det er både rogn og hegg og noko tå kårt, som har tørka på roten. - Men hegg og rogn er nå vel harde saker å baske med, når den er turr, undrast eg på. - Å, det er nok ikkje av den lettaste veden å handskast med, veit du, svårå 'n Anders. Men det er eit arbeid som løner seg, for ein fær så ypperleg ved av desse trea. Det er beste veden du kan få dette, gut.
Og den nå noko tilårskomne, men enda like arbeidsglade mannen, hogg øksa i stabben. Eg måtte vera med inn åt ’n Kari. Det vart ei hyggeleg eftastund ved kaffebordet på Solheim, med traktering og prating, både om laust og fast. Vi kom òg inn på lagnaden hans Anders. Han klaga ikkje, men var tilfreds med livet og tilværet. Eg fekk eit sterkt inntrykk av å stå framfor eit menneske med rikare lykke enn dei fleste av oss andre.

Ein truande mann
Da eg hadde takka for meg og stod i døra, ferdig til å gå, sa han Anders:
- Jau, berre lett har det nok ikkje vore. Men ein ting vil eg at du skal veta: Da eg låg på sjukehuset etter ulykka,
vart eg ein truande mann. Og eg trur fullt og fast at det er årsaka te at det har lågå seg så godt for meg fram gjønnom Iivet. Kristentrue har eg halde fast ved i alle mine dågå sea. Og eg har au haft den gleda at ho Kari har det såmmå livssynet som eg. Dette har bore både meg og ho Kari gjønnom alle vanskar, og vi har så mykje å vera takksame for.

Eit føredøme for oss alle
Omkring tre veker etter denne gjestinga mi i Solheim fekk eg ein dag eit stussleg bodskap: Han Anders hadde vorte så brått sjuk ein dag. Og på vegen åt sjukehuset hadde han somna inn for godt. Det var den 12. oktober i 1964. Det vart eit tomrom etter 'om Anders i bygda. Og mange er dei venner og grannar som takkar for det han var, og for det føredøme han synte oss alle, med den måten han bar den tunge livslagnaden sin på. Han vil verta hugsa som ein av desse som spreidde solskin omkring seg der han ferdast.

_________---ooo000ooo---


ANTON LILLESETER
1920 - 1979
- skreiv ei rad artiklar til Årboka, og det finns ei oversikt i litteraturlista
på heimesida vår.


louis vuitton outlet sport blue 3s louis vuitton outlet sport blue 6s new jordans lebron 12 history of jordan 6s sport blue 6s jordan retro 11 legend blue coach outlet online cheap air jordan shoes beats by dre solo Louis Vuitton Outlet sport blue 6s cheap jordans michael kors outlet kate spade diaper bag cheap jordans jordan 6 history of jordan sport blue 6s sport blue 3s louis vuitton outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet Michael Kors Outlet cheap oakley sunglasses louis vuitton outlet Lebron 12 louis vuitton outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet foamposites for sale louis vuitton outlet louis vuitton outlet michael kors outlet louis vuitton outlet sport blue 6s kate spade outlet