.

I august 1911 skar det seg heilt mellom øvste befal og mannskap frå norddalen
som tenestegjorde på Jørstadmoen. Sett i ettertid kan det seiast å ha vore ein kultur-
kollisjon mellom ein som tykte at "berre det var godt nok som hadde dåm av dei høgste
krinsar i samfunnet"
- og trauste, jordnære døler som ikkje let seg pirke på nasen.
Det enda med at heile 140 vart sett under tiltale og straffa med fengsel, men heller
ikkje han som fyrst og fremst var årsaka til konflikta, slapp heilt unna.
Kjenner du att nokon på biletet, så la oss høyre frå deg. Namnelista er nedanfor.

Her finns nok mang ein heidøl; vi kjenner m.a att Ola Bekkjemillom, Ola O. Hjellet, Anders Lysgård
- og her er folk frå Prestgard, Bilben, Bilbenshaugen, Rindhølen osb.



Arnegaard, Erland Jakobsen
Arnegaard, Hans Jakobsen
Arnestuen, Hans Simensen
Aukrust, Lars Olavson
Bakken, Alfred Larsen
Bakken, Syver Kristensen
Bekkemellem, Ole Olsen
Berg, Amund Nilsen
Berge, Ole Erlandsen
Bilben, Anton Jakobsen
Bilbenshaugen, Mathias Olsen
Bjørndal, Paul E.
Bjørnstad, Hans Olsen
Blikken, Eilev Pedersen
Brurusten, Peder Knutsen
Brænden, Elias Knudsen
Brænden, Mathias Olsen
Brænden, Ole Eriksen
Brænden, Tore
Brænden, Torger Iversen
Braanaa, Mathias Kristensen
Braaten, Knut Arnesen
Bu, Sigurd I.
Eide, Sølfest (Lund)
Eilivsen, Rolf
Ekre, Kristen Thoresen
Ekre, Peder H.
Enden, Ola Olsen
Felodden, Ole Jakobsen
Fosstuen, Ole Rasmussen
Frisvold, Rolf Hansen
Frøyse, Paul Hansen
Gjellaug, Ola Olsen
Gjerde, Tor Larsen
Grimstad, Edvard P.


Hage, Ivar Jonsen
Hammerdal, Johannes Torsen
Hansen, Karl Hansen
Haug, Tor Olsen
Haugen, Hans Hansen
Haugen, Hans Jakobsen
Haugen, Kristian Jakobsen
Haugen, Olav Rasmussen
Haugen, Ole Olsen
Haugen, Paul Hansen
Heldenløkken, Anton Hansen
Hellekveen, Ola Pedersen
Hjelet, Ole Olsen
Hjelle, John Olsen (Sjelle)
Hoft, Ola Olsen
Hole, Rasmus Larsen
Holen, Knut Hansen
Holø, Torger Kristensen
Horten, Anders Olsen
Hovde, Sigurd Ø.
Husum, Sigurd
Høgbrænden, Paul Olsen
Høgste, Ola Hansen
Høiberg, Hans Hansen
Ingeborgøien, Ole Olsen
Johnsgaard, Ole Andersen
Kittilstad, Hans Svendsen
Kleiven, Ingvald Hansen
Kleiven, Jon Syversen
Kleiven, Ole Paulsen
Kvale, Ola Torkelsen
Kvale, Olaf Rasmussen
Kvamsødegaard, Ole Olsen
Kveen, Ole Larsen
Kveum, Andreas Anderssen

Lande, Iver Knudsen
Larsen, Ole
Larsen, Rasmus
Lilleødegaard, Hans Olsen
Lund, Tore Pedersen
Lykre, Sylfest Kristensen
Lysaker, Paul Amundsen
Lysgaard, Anders Knutsen
Løkken, Mathias Johannessen
Mallaugsødegård, Erik Rasmussen
Moen, Ola Iversen
Morken, Kristian Hallstein Pettersen
Myren, Ivar Johannessen
Nyhus, Hans Hansen
Nyhus, Svein Olsen
Ofigsbø, Olav H.
Olsen, Jon
Paulsen, Hans
Pladsen, Ole Iversen
Plassen, Ole Paulsen
Plassen, Thorvald Markussen
Præstegaard, Hans Paulsen
Præstegaard, Olaf Knudsen
Randen, Iver Iversen
Randen, Jon Jonsen
Rasmussen, Rasmus
Rindhølen, Kristen Hansen
Rustahaugen, Torvald Alvsen
Rusten, Paul Stenersen
Ryen, Einar Syversen
Ryen, Hans S.
Rønningen, Hans Berntsen
Rønningen, Rasmus Larsen
Raastad, Anders H.
Sandviken, Torger Gundersen

Skau, Knut
Skjeldum, Anders Iversen
Skjelhaugen, Einar Olsen
Skjellum, Ole Johannessen
Skjærpingstad, Peder Larsen
Skjaakødegaarden, Otto Jonsen
Sletmoen, Ole Hansen
Sletten, Peder Olsen
Slaaen, Anton Johannessen
Slaalikveen, Peder Larsen
Snerle, Ole Hansen
Sunde, Ole Østensen
Sveen, Sigurd Torstensen
Sveinhaug, Olav Olsen
Svingen, Ole Østensen
Synsteng, Amund Rasmussen
Sæta, Arne Johannessen
Sørhage, Halvor Jonsen
Teigen, Per Hansen
Teigen, Syver Olsen
Torkvee, John T.
Trosdal, Knut
Ust, Martin Andersen
Valbergsløkken, Jakob Paulsen
Vangen, Hans Syvertsen
Viste, Tor Olsen
Ytre, Paul Pedersen
Ødegaard, Erik Olsen
Ødegård, Olav O.
Ødegaarden, Jakob Jonsen
Øfsteng, Ole Iversen
Øverli, Hans Johansen
Øvsteng, Ole Petersen
Aanstad, Rolf Rolfsen
Aaseng, Simen Hansen

Artikkelen er skrive av EDVARD GRIMSTAD,
som sjølv deltok i protesthandlingane,
og den stod i Årbok for Gudbrandsdalen i 1936.

-
Det er no sovidt mange år gått sidan 1911 at det kan høve å ta fram att det som hende med 12. kompani det året:

   Kompaniet fekk tvo nye sjefar; major Axel Lyche og kaptein Einar Sagen. Og det synte seg snart at desse tvo ikkje høvde i hop. – Lyche, den bylærde mannen, som truleg meinte at det berre var godt nok som hadde dåm av dei høgste krinsar i samfundet. Sagen, målmannen, som nytta nynorsk i tale og skrift, dertil drivande kar som vilde prøve nye måtar i soldatupplæringi, som ufreden millom Russland og Japan hadde synt kunde vera gode.
   
Kompaniet såg snart at samarbeidet dessa tvo imillom ikkje var det beste. Og lenge var det ikkje før gutane tyktest skyna at kompaniet ikkje var berre godt umtykt av majoren. Kapteinen og kompaniet stod seg godt med einannan. Elles vart det visst vanleg meining over heile plassen at den nye bataljonsjefen ikkje var so lite hovmodig. Millom anna hadde han komi med nye instruksar for vakti der. Det heitte at ho skulle ”gå i marsjtakt og med antrukket gevær”, slik som vakti ved slottet brukar å gå. Dette var noko nytt på Jørstadmoen. Dei hadde vori vane ved å gå på vanleg vis og sjå seg ikring. Og det nye bodet var det visst heller ingen som hadde lagt noko større merke til, og vaktene gjekk som før. Men majoren hadde sakte harmast over at dei ikkje gjekk strame nok.
   
Så kom turen til 12.kompani å ha vakt. Det var nokre utorhenta lange og velvoksne karar dei fleste av dei som vart vakt den gongen, fleire på 185-190 cm høge.
Sersjant Kristofer Hole var vaktsjef. Og det var ingen smågut det heller.

   
Det var um kvelden 22.august vakti tro på. Um morgonen den 23. kom majoren uppover og fekk sjå at karane gjekk som før. So beit sakte sinnet han, eller det var eit høve til å ta 12.kompani – og han gjekk stad og dikterte ekstravakt på dei frå den 24de til den 25te.
Det vart mykje prat um dette i kompaniet, og noko murring, avdi det hadde vore likedan med marsjen åt dei andre kompania som hadde vore på vakt òg. Men verre var det at 12.kompani skulle ha nattøving (etter japansk mønster) millom 23de og 24de. Det vart soleis andre natti vakt-karane ikkje fekk ro til å sova, og so skulle dei ha straffevakt frå 24de til 25te. Etter reglementet for hæren skulle dette vera ulovleg òg, at nokon soleis kunde haldast vakne tri næter i slag.

- "
Skreik ikkje som kultiverte folk!"
So voks uroi i kompaniet. Noko anna kom òg til. Kaptein Sagen hadde ført kompaniet svært godt i denne nattøvingi. Det hadde gått gjenom skogen og kome so stilt på motparten at dei ingenting hadde merka før 12.kompani var like uppi forsvarsstillingi deira. Og Sagen ga kompaniet ros for det. Men dagen etter kom majoren med sin kritikk. Og da vart det liksom so låke greier alt i hop. Soldatane hadde ikkje eingong skrike som kultiverte folk da dei storma og tok stillingi. ”Det var vræl som av dyr, ikke som av mennesker” – og vidare i den dur. [Dette var eit overfall i kolmyrkret, der det var um å gjera å setja støkk i motstandaren, hadde kapteinen sagt.]
Og majoren kom med eit noko personlegt vondkynt utfall mot Sagen i lag med det andre.

   
So kokte harmen i karane. Slikt var dei ikkje vant til.
Kaptein Sagen hadde klaga til majoren og bede han koma med ei orsaking som kompaniet høyrde på. For disiplinen si skuld meinte kapteinen at det burde gjerast. Og rett nok; majoren kom til ei kompaniuppstilling i brakkegata kl. 4 um eftan. Men det han kom med var inga orsaking. Det var heller ei ny skrape, tykte soldatane. Majoren sa at slike uttrykk som han hadde brukt ”var almindelig blant folk på Østlandet”.

   
No tykte soldatene at på denne måten kunde ikkje bataljonsamlingi gå. Noko laut gjerast, og det straks.
Det hadde elles vorte jamn misnøgje heile plassen over med majoren. Ikkje minst millom sersjantane. Kaptein Thrane sa: ”Blir det ikkje spel ved denne bataljonen, er det rart”.

Men for menige soldatar å få sendt ei klage på ein så høgt-ståande overordna som majoren, sjølve plasskommandanten, det var ikkje greit.


Soldatane visste for vel, frå røynsler andre hadde gjort, at det var fåfengt å freiste med ei klage på vanleg vis. Og dei meinte at majoren burde orsaka seg for kaptein Sagen for dei ukvemsord han hadde kome med. Kompaniet tykte at vanleg folkeskikk kravde det. Soleis var det no vorte at det var gutane som vilde ære majoren korleis ein skulde
uppføre seg, og ikkje omvendt. Men å få sagt han det?

Vakti skal sperrast!
    Jau, so var det nokon som fann på at so urimeleg som det
var med denne ekstra-vakti, so høvde det svært godt når vakti skulle trå på att um kvelden til straffevakt, å stelle seg upp ikring ho, og så få nokon til å melde frå til majoren at han laut koma, for vakti slapp ikkje fram før han kom der. Og det vart kompaniet forlikt um.
   Det vart under forhøret spurt mykje etter kven som fann på denne planen, men det kom ikkje upp. Det hadde vel mindre å segja òg. For planen vart drøfta og stelt på og vel gjenom-tenkt før han vart ferdig.
   Det var no um å gjera at alle i kompaniet vart med. Og no - so lenge baketter, er det vel ikkje fårlegt å fortelja sumt som ikkje skulde koma fram seinare under krigsretten. - Kompaniet hadde søre brakkene. So vart det til det at alle brakkesjefane skulde halde eit møte til å bli forlikte um framgangsmåten. Det vart eit stridt møte. Det var litor tid å gjera på. Dette var um kvelden, og vakti skulde trå på um ei stund. Mange ting laut tenkjast over. Ikkje fekk ein gå for langt, og vrangt vart det å vita kor mykje som skulde til åt majoren før han bøygde seg.
   Da det til slutt vart spursmål um kem som skulde føre ordet, so bad dei seg undan ein for ein. Det heile heldt på å bli um inkjes på det spursmålet. Enden vart at Martin Ust, lærar frå Vågå, tok det på seg. "Det går ikkje an at det strandar på det," sa Ust. "Når ingen annan vil ta det på seg, so skal eg gjera det."
Og han var velkjefta og uvøren nok til det.
 
Bajonett på!
  So gjekk brakkesjefane kvar til si brakke og sa frå um kva som no skulde gjerast. Alle mann skulde halde seg inne når det lei so vakti skulde stelle seg upp. Da skulde alle ta børsa og setja bajonetten på, og når vaktsjefen ga fyrste kommandoordet, skulde alle skunda seg ut på sin plass som var avtala fyreåt, og kompaniet skulde da ordne seg i tvo ringar kring vakti, ein vende seg ut og ein inn med børsene i utfallsstilling.
Denne gongen gjekk det fort med å koma på plass da signalet kom ! Og for dei som såg på, tenkjer eg nok det såg kaldt ut. Myrkt var det òg.

   Det hadde nok komi ut mellom dei andre på plassen at 12. kompani skulde få til noko mot majoren den kvelden, og det
var nok mange som var huga på å vera med i det. Soleis kom det utsendingar frå 9.kompani med spursmål um dei fekk vera med. Men 12te vilde vera åleine um dette. På den måten hadde det samla seg nokso mange, som vilde sjå korleis det bar til. Difor òg var det godt å ha ringane ut og inn.

"Stikk meg i bringa om de vil -"
   Men so hende det som ingen hadde rekna med. Da kompaniet skulde sjå seg til, var kaptein Sagen inni ringen. Han hadde vilja vore med da karane hasn skulde gå på straffevakt. Elles var det aldri skikken at kapteinen møtte upp soleis. Og for Sagen såg sikkert dette noko nifst ut i myrkret, kvast og uventa som det kom, og uppjaga som det elles var. Det såg ut som han tenkte det var eit åtak på han, og so vart han noko forfjamsa og reiv upp våpenkjolen sin og sa:
"Stikk meg i brjostet um de vil ta meg. Eg vil sjå den mann i
augo som set bajonetten i meg".

   So laut da Ust segja frå at det ikkje var kapteinen det gjaldt, men at det var majoren dei vilde tala ved, og nemnde ogso kvifor. Sagen bad da kompaniet å gå innatt, denne framgangsmåten var ikkje den rette, - og so fint gjekk det at kompaniet song fedrelandssalmen, gjekk stilt inn og hengde børsene frå seg og sette seg etterpå utpå trammen og prata og røykte.
Vakti kom iveg til rett tid, og alt såg ut til å roe seg.
Men so vart det leven nedover plassen. Det var ei heil skrei soldatar frå alle kompani som hua og skreik, men minst ...


... frå 12te, og drog nedover mot der majoren budde. Da såg det stygt ut for han. Men dermed kom Sagen og fekk forhindra at noko gale skjedde. Han såg og skyna at dette laut stoggast, og so fekk han ropt ut at han skulde gå til majoren og segja frå. Da spreidde flokken seg lite um senn. Men noko øsing var det på plassen.

Majoren tilhest
   So visste ein ikkje ordet av det før alarmsignalet kom. Og da bataljonen hadde stelt seg upp, sat major Lyche der tilhest. Han hadde høyrt at 12te kompani hadde gjort vrøvl ikveld. Han vilde fortelja at dette var lovlaus framferd, som grensa mot mytteri. Det fekk gå for denne gongen, men skulde noko slik hende fleire gonger, vilde han ikkje legge fingrane imellom. Som ein ser, meinte han ikkje at kompaniet skulde straffast. Han gav berre ei åtvaring.
   Det var ikkje mange ordi han sa, og so gav han teikn til avmarsj. Da hende noko uventa: Bataljonen stod i vanleg firkant, 12te kompani synst, 9de øvst. Med det same dette skulde svinge, rusa eine pelotonen fram mot majoren so det skrangla i børsone. Lyche hadde ikkje kome seg unda enda.
Da tverrkasta han hesten og reid bakom brakkone og kom seg nedover synnafor. Um dette vart ingenting nemnt i krigsretten.

Men so fekk avisene tak i det
Hadde det no ikkje kome utover so bladi i Kristiania hadde fått laga sensajon på det, hadde det dermed vore upp- og avgjort. Men millom soldatane på plassen var ein journalist frå Tidens Tegn. Han fekk tak i rikstelefonen inn til bladet sitt, og dagen etter stod det med store bokstavar at 12.kompani hadde gjort mytteri. Det var sjølvsagt kaptein Sagen det var um å gjera å få tak på. Det hadde vore noko ugreie på sume eksisplassar før um sumaren, men på heilt annan grunnlag, og no det kom slike meldingar som at eit heilt kompani gjorde mytteri, so trudde dei høge herrar i forsvarsdepartementet at det var fåre på ferde og sende generalkrigskommisær Bratlie uppover på "åstedsbefaring".
   I alle blad landet rundt vart det ei skriving utan like um saki, og det kom bladfolk frå både her og der. Og da som visi er: Saki vart sedd frå tvo kantar. Sume blad ropte på dom og straff, og andre stod på kompaniet si side. Dette er eit forvitneleg historisk kapitel, som kunne vore interessant å teke fram att no, men det er ikkje rom for det her.
Det vart da til det at 12.kompani skulde setjast under tiltale for å ha forbrote seg mot ymse paragrafar i den militære straffelov.

Tiltalebeslutningen
"
Nevnte mannskaper av Gudbrandsdalen bataljon [ ] sættes herved under tiltale til fældelse efter den militære straffelovs § 52, jfr. 53, for i fællesskap retsstridigt at søke at tvinge en foresat til at foretage eller undlade en tjenestehandling, dog således at de vendte tilbake til lydighet og lot vakten avmarsjere før bataljonsjefen kom tilstede, eller efter den militære straffelovs § 50, jfr. § 49, for at have avtalt at ville i fællesskap tvinge en foresat til at foretage eller undlade en tjenestehandling -

- derved at de i bataljonsamlingen på Jørstadmoen den 24.august 1911 om aftenen, efter forutgaaende avtale, omringede den paatroppende vagtstyrke for at hindre denne i at avmarsjere til vagtombyttet, og for at tvinge bataljonsjefen major Lyche til at tilbakekalde sin ordre av 23. s.m. om at den nævnte vagtstyrke skulde have ekstravagt fra 24. til 25. august, samt til at gjøre 12.kompanis chef, kaptein Sagen, en undskyldning for uttalelser som majoren samme dag hadde fremført i kritikk over kompaniets manøvrer. Men de tiltalte spredte sig igjen og trådte tilbake før bataljonchefen kom tilstede.

For tiltalte nr. 47, Syver Olsen Teigen, gjælder tiltalen alene efter den militære straffelovs § 50, jfr. § 49, da han kun deltok i den foran omhandlede avtale.
Saken vil bli foretat på Jørstadmoen ved krigsretten for 2. brigades jurisdiktion. Til at forrette som de tiltaltes forsvarer er av krigsdommeren beskikket høiesteretsadvokat L.B. Johansen.

        
J. Bull,                                                             Axel Andersen,
        jurisdiktionschef.                                         krigsadvokat.


Men fyrst skulde kompaniet gjera frå seg den pliktige bataljonseksisen. Og eit kompani som hadde gjort sine ting på ein so framifrå måte som 12.kompani den sumaren, trur eg ein skal få leite etter. Var det ei øving som heile bataljonen skulde vera saman um, alltid syrgde 12te for at det vart fyrst og best ferdig.
Kaptein Thrane skreiv (i eit svar til Aftenposten): " Det skal sies til 12.kompanis ros at den ro, orden og det samhold som siden 24.august har hersket inden kompaniet, kan være et mønster for hvilketsomhelst kompani i landet ".

Reine festen ute blant folk
   Vi var ute på utmarsjar, harde marsjar stundom, kompaniet sette si ære i at ingen låg att eller gjekk upp. Etter vegane møtte det upp folk for å sjå desse namnspurde karane. Eit hurra fekk kompaniet rett som det var. Ofte var det reine festen å vera med. Når det var varmt i været, møtte det stundom opp folk som hadde med seg fulle spann med mjølk åt oss.
På ein utmarsj uppigjenom Saksumdal over til Gausdal og nedover att, gjekk kompaniet og song uppi skogen der. Majoren kom og skulde vera blid og smeikjen og gjeva ros. Da vart det stilt heile kompaniet burtover. Men da han hadde kome burt til eit anna kompani att, tona songen på nytt. --- Det var ikkje hyggjeleg å vera major Lyche heller den sumaren.

Vanæra og fråteke våpni
Men so var det straffi som kompaniet skulde ha.
Da bataljonsamlinga var slutt, skulde det haldast krigsrett over dei 140 mann. Den kvidde ikkje karane seg for.
Men det som kanskje var det verste for dei den sumaren, var at dei vart so vanæra av dei høgste militære styresmaktene. Dei vart fråtekne våpni sine.
Samstundes vart det sett eit kompani på 209 mann til vakt over 12te medan krigsretten stod på, og det kompaniet vart utstyrt med våpen og skarpe patroner. Um dette vart det svært mykje skriving i bladi, og det syner kor lite herrarne i forsvarsdepartementet kjende dei soldatar det her gjaldt.
Kaptein Sagen tok lovnad av alle mann i 12.kompani på at dei på ære og samvit vilde uppføre seg som det høver heiderlege folk og ikkje gjera noko som kunde gjeva grunn til klage.
Og kapteinen skreiv beinast til kongen og gjekk god for at kompaniet ikkje trongde nokor vakt ikring seg. Men til fånyttes.

Kraftige protestar
   Mange blad hadde skarpe stykke um dette. Gudbrandsdalens Folkeblad skreiv: "Efter det antydede er planen altså den at norddølerne til det yderste skal ydmyges og hånes. Intet normalt menneske tror at det vilde være nogen risiko å la 12. kompani ophold sig på plassen uten ekstra foranstaltninger i de dager de skal vente på sin dom.
Men de skal hånes ved å fratas sine våpen og settes under bevoktning av en bevæbnet avdeling. Og dette finner Høire med sin regjering formålstjenlig overfor det folk som nasjonen vilde ha bruk for om landet skulde komme i fare."
"Den 17.mai" skriv:

"Han (riksråd Bull) sette eit heilt kompani til å halda vakt på desse skikkelege bondegutane. Dei gav kapteinen sitt æresord på at dei skulde halda seg i ro, og kapteinen gjekk god for dei. Men kva verd hadde eit æresord frå 140 bonde-gutar for riksråd Bull ?"
Og vidare:
"Etter vårt syn er dette eit av dei verste misgrep som er gjort på lenge. Det er å syne ei mistru som det ikkje er aller ringaste grunn for. Dette er ikkje upprørarar; det er menn med ære. Hev dei lova å ta fylgdene med ro, so vil dei halde det. Riksstyret hadde gjort rett i å tru dei på deira ord. Det hev istaden valt å fara med dei som var dei brotsmenn."

 
  So kom dei lange dagar med krigsrett og avhøyring av 140 mann. Helst vilde retten ha fått tak i nokon førar og upphavs-mann, men alt dei grov og spurde og leita, so fann dei ingen.
Det var reint høgtideleg i rettssalen (den gamle matsalen til landvernet). Det var stilt som i ei kyrkje og djupt ålvor over heile forsamlingi. Ei mengd bladfolk hadde sjølvsagt møtt fram.
I fyrstningi peika krigsadvokaten på paragrafar i den militære straffelov som kunde gjeve kompaniet eit halvår i straff. Men han slo av lite um senn, og til sist vart han ståande ved 45 dagars fengsel. Krigsretten var samansett
av ...


... oberstløitnant Ræder, kaptein Blom, sersjant Magnus Nordby og menige dagarbeider August Olsen Viken og målar Martin Johnsen Moen.
Aktor i saki var krigsadvokat Axel Andersen og forsvarar høgsterettsadvokat Johansen.
Som vitne var innkalla: Major Lyche, kapteinane Sagen, Bøhmer, Haave og Thrane, løitnant Skavlan, furer Finstad, sersjant Brandser og sersjant Hole.

   Majoren sjølv stod òg for retten. Det var komi tri klagor på han: frå kaptein Sagen, frå sersjant Hole og frå løitnant Skavlan. Det var på fleire måtar majoren hadde forbrote seg:
1.  At han mot reglementet dømde karane til ekstravakt før det var gått 48 timar etter at dei hadde vore på vakt.
2.  At han ikkje gav alle som høyrde vakti til, høve til å uttala seg før han kom med bataljonsordren um straffevakt.
3.  At han dømde alle i vakti.
4.  At han i sin kritikk over kompaniet brukte sårande og uhøvelege uttrykk, i strid med påbod frå kommanderande general av 29.mars 1903.

Domen fall 19.september
Det var ikkje fritt for anna enn at det var noko spaning millom soldatane like før domen skulde lesast upp. Etter som retten hadde skride fram, vart det mindre og mindre gale å skulde dei for, og det kom tydeleg fram at dei hadde havt god grunn til å vera harme, og soleis freiste få majoren i tale. Det var soleis god von om frikjenning.
Men, det vart 21 dagar fengsel for dei 139. Syver O. Teigen, som hadde forsove seg og ikkje vorte med ut da det stod på, fekk 18 dagar. Dertil skulde kvar mann ut med 3 kroner i sakskostnad. Det heitte at domen var mildna avdi soldatane hadde gjort det i "berettiget harme".

   Det var etterpå fortalt at det var sterkt på tale i retten å fri-kjenne kompaniet (3 mot 2), men at krigsadvokaten truga fram domen med at dersom det lydde på frikjenning, vart han nøydd til å anke saki inn for høgsterett, og det tykte dei hine vilde vera verre enn den mildaste domen dei kunde døme soldatane til. Tvo av domsmennene røysta for 30 og 24 dagars fengsel. Ein kan godt tenkje seg kven det var.

Undring og harme
Det vekte undring og harme utover bygdene da domen vart kjend. Og da soldatane for heimatt med toget uppover dalen, var det tett med folk på alle stasjonar. Heime i bygdom tok dei imot karane sine med festar. Det var ikkje brotsmenn og dømde folk som kom heimatt, såg det ut for.
Gudbrandsdal Folkeblad skreiv:
" Underlig virker det også at man på alle hold har senket halefjærene under forhørene over 12.kompani på Jørstad-moen. Alle må erkjenne at her har vi en liten kjernetropp av landets forsvarsstyrke. Dårlig har den officer handlet som har tendt bitterhet i slike rekker, og det står tilbake å håpe at han selv har en smule samvittighet, når disse besindige gudbrandsdøler, disse som Norge aldri får for mange av i farens stund, skal sone sin brøde".

Den kjende O.E.Bø skreiv i "Bonden":
" Me sender òg difor heile 12.kompani av Gudbrandsdalen vår varme helsing og takk. Tok dei enn imiss av framgangs-måten, so hev dei gjeve arbeidet for ein folkeleg, norsk hær ein støyt framover, som er større enn mange vil tru.
Straffi si kan dei difor bera med tol, ja med heider og æra."

Nokre dagar etter fekk major Lyche den domen at han skulde ha 10 dagars husarrest. Og han vart flutt over i ei anna stilling so han ikkje skulde ha kommandoen på Jørstadmoen meir.
Gula Tidend skreiv da:
"
Denne mannen erta eit heilt kompani på seg. Dei fekk 24 dagars fengsel kvar. Men han som er upphavet til alt dette, han fekk sitt avgjort kontori imillom, uten rett, uten dom, av ein generaladvokat, og han slepp med 10 dagars arrest i stova si i Oslo. Dei segjer sosialistane arbeider på at forsvaret skal verta øydelagt, men ei avgjerd som denne,
ho øydelegg meir enn 100 sosialistiske agitatorar."


I eit barsøl i Skjåk kom samtalen inn på Jørstadmouppstyret, og dei undrast på kva dom majoren skulde få. Ein sa da:

" Han burde fått til straff å styre markevatninga nokre jamn-døger på ein av dei mest turrlendte gardane i Skjåk eller Lom i turraste og varmaste årstidi, so som nordigard Skrinde.
Det skulde vore løgje å sjå den kroppen renne upp og ned Skrindejordet og styre med 5-6 vatnarvatn.
Det kunde vore noko anna enn 10 dagars husarrest."

Vatn og brød
Dei 21 dagar fengsel kunde gjerast um til 3 dagar vatn og brød, og visstnok alle tok da det.
Utpå vinteren, midt i november, skulde dei da ivegen til Bredevangen på Sel og sitja. Det kunde gå 20 mann um gongen. Og no stod det slik til at det var mest som ei rein ære å få gjera den turen.
Heidalen og Sel fekk koma fyrst, 31 mann, nedre Vågå 19, øvre Vågå 26, Lom 33, Skjåk 17 og Nordberg 14 mann.

Det er rart å tenkje over det att no, 25 år etter. Underleg er det at det gjekk so pent. Hadde same karane vore samla att no dei er dubbelt so gamle, og kome ut for det same, er eg redd for at dei hadde fore hardare fram.
I grunnen var det eit uppgjer som gjekk for seg millom framandt herresyn på eine sida og bondesynet på hi.
Det var eit sterkt utslag av sjølvhevding, den same som har bore all norsk reising fram.


Etter oppmoding frå forfattaren, Edvard Grimstad,
skreiv tidl. kaptein -nå major- Einar Sagen ein artikkel
til årboka. Han var da ikkje særleg lysten på å koma nærare
inn på Jørstadmo-episoda, men fortalde at han mange år
seinare hadde møtt major Lyche på gata i Oslo. Det var da
tydeleg at tida lækjer alle sår, også det vonde dei hadde
erfart saman på Jørstadmoen 12 år tidlegare.

Sagen var stor nok til å skrive at han meinte major Lyche
ville vore ein framifrå sjef for ein bataljon av bygutar,
men at han ikkje skjønte lynnet til dølene
og derfor ikkje tok dei på rette måten.


Edvard Grimstad
(født 1886 i Skjåk, død 1955) var lærar
og folkeminnesamlar frå Gudbrandsdalen. Han samla eindel frå muntleg tradisjon,
men mesteparten av samlingane hans
besto av skulestilar.
I 1930-åra sendte han brev til alle
skulelærarar i dalen og ba dei gje
«Gamalt frå heimbygda mi»
som stiloppgåve.
Dette prosjektet engasjerte tydelegvis,
for mange stilar bær preg av at
dei er skrivi av besteforeldre
og ikkje skuleborn.
(Wikipedia)

Grimstad var ein flittig bidragsytar
til Årbok for Gudbrandsdalen.


VI TAKKAR
Kjell Arve Bråtesveen og Ståle Rønningen
for hjelpa med denne artikkelen.

jordan 6 history of jordan louis vuitton outlet jordan 3 sport blue louis vuitton outlet jordan 3 sport blue history of jordan 6s jordan 6 history of jordan sport blue 3s louis vuitton outlet Nike KD VII louis vuitton outlet jordan 3 sport blue cheap air jordan kate spade outlet jordan 6 sport blue jordan 3 sport blue louis vuitton outlet michael kors outlet jordan 6 sport blue cheap jordan shoes foamposites for sale beats by dre outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet coach outlet online louis vuitton outlet louis vuitton outlet cheap jordans jordans for sale sport blue 6s louis vuitton outlet jordan 3 sport blue foamposites nike kd 7 Lebron 11 jordan 6 sport blue sport blue 3s jordan 6 history of Jordan retro jordans for sale