- kan hende ein av dei fyrste buplassane i Heidalè
.
Biletet: Her tek Pål Rohaugen seg ein rast på den lange muren
som ein finn på den nedre delen av Håkensetra
- eller Håkonsetra som sume seier.
                                                                         Vi hadde aldri høyrt om nokor Håkenseter i Heidalè før vi kom
                                                       over ein notis i fyrste bygdeboka til Ivar Teigum. Der fortel han
                                              at i 1970 var det arkeologar på synfaring i Øverbygden der dei såg på
                                    m.a.
tuftene etter eit gardsbruk høgt uppe i lia, nord og innafor Rohaugen.
                              Det vart ikkje gjort nokre utgravingar, men det finnst ein rapport på Internet.
I fylgje bygdetradisjonen skal dette vera spor etter den aller eldste busettinga i dalføret. I eit attgrodd
område på 60 x 80 meter fann dei rydningsrøyser og til saman 8 hustufter.

I ein prat med lokalkjende folk vart det klårt at denne staden er velkjend i Øverbygden, og det var heller
ikkje vanskar med å få med omvisarar; Helge Frikstad og Pål Rohaugen stilte straks opp. Pål fortalde at
før det vart sleppt krytyr på staden, syntest hustuftene langt betre enn det dei gjer i dag. Likevel er
det ikkje vanskar med å sjå kvar eindel av husa har stått. Rapporten frå 1970 seier m.a. fylgjande:

  
"På begge sider av en NV-SØ-gående vei [ligger et] anlegg som består av minst 8 hustufter. 5 av tuftene ligger på Ø-siden
     av veien, de øvrige på V-siden. De tre på V-siden samt en på Ø-siden er noe overskåret av veien. SØ-Ø for tuftene ligger
     3-4 røyser på linje NØ-SV. Det kan være rester etter et steingjerde, bredde 1-2 m.
    Tuftene på Ø-siden av veien er de største. Veggene er bygget av rundkamp og er klart markerte. Bredde og høyde er svært
    varierende. Låvetuften? er avdelt i minst 3 avdelinger. Fjøstuften? er særlig tydelig i SV med en 0,5m bred men lav
    jorddekket mur. I SØ-hjørnet er det en steinansamling. Matbu? og ljorestue? tegner seg som groper i bakken, bredde 2-3m,
    dybde 0,5-0,75m. Ljorestuen er overskåret av veien.
    Det er kullrester i veikanten, og konsentrasjonen er stor ved denne. Ved veianlegg i 1957 ble det funnet smieavl og deler
    av en klebergryte ved en grop. Øst (vest?) for gårdsanlegget er et 180m langt steingjerde med hovedretning nord/sør.
    De siste 30mtr har det retning øst/vest. I sørøstre del av ljorestuen er det funnet en kniv av rødbrunt sterkt forrustet jern.
    Spissen av bladet og endel av skaftet er avbrukket. Lengde 12,5cm, bredde 1,7cm. Funntidspunkt ukjent."

Slik Håkensetra ligg til, høgt over bygda og sørvestvend, er nok staden det ein vil kalle einståkå, men i
mellomalderen såg dei annleis på det. Jorda er sandhaldig, og soldagen er lang. Beite for dyra er lett
tilgjengeleg, det same er jaktterrenget. Kan hende var jønnproduksjon og smedvirke òg eit viktigt tilskot
til levemåten.
Jordbrukarane i mellomalderen baserte seg ikkje på sjølberging. Dei var avhengige av marknader for eit
visst varebyte. Nokre kyr, små og nøysame som dei var, greidde seg godt på utmarksbeitet. Dei gav
gjødsel til åkerlappane, eit lite tilskot av mjølk og kjøt til kosten, huder og smør til å dekkje skattar og avgifter. For økser, knivar og sigdar tilverka av lokalt myrjern kunne brukarane skaffe seg salt og korn.
Med saltet kunne kjøt konserverast, og kornet var det matemnet som gav mest energi etter mengda.
Men på høgtliggjande gardsbruk var dei ikkje sjølberga med korn i mellomalderen.

Kvar vart det så av dei som budde på Håkensetra i fordums tider? Bukka dei under for pesten som
nådde landet i 1349 - eller flytta dei seinare ned i bygda der eit betre utkome var blitt ledig som fylgje
av at større gardar var avfolka av sjukdomen


                            - Det er nesten så ein kan "leva berre tå utsikten" her på Håkenseter'n -

Tekst og foto: Arne Jan Randen, Lørenskog.
Kjelder: 1) Bygdebok for Vågå og Sel, band 1, side 235. Ivar Teigum 2001.
2) Rapport frå Universitetets Oldsakssamling 1970.

Nedanfor: Forutan Pål Rohaugen og Helge Frikstad deltok Odd Steinar Larsen på vår "synfaring".

louis vuitton outlet louis vuitton outlet lululemon outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet foamposites for sale cheap jordan shoes louis vuitton outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet Retro Jordans For Sale louis vuitton outlet jordan 6 history of Jordan louis vuitton outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet kate spade outlet cheap air jordans michael kors outlet cheap louis vuitton louis vuitton outlet louis vuitton outlet Kate Spade Diaper Bag new jordans sport blue 6s retro jordans cheap jordans sport blue 3s cheap jordan shoes Cheap Oakley Sunglasses kate spade outlet michael kors outlet louis vuitton outlet Louis Vuitton Outlet louis vuitton outlet coach outlet online jordan 3 sport blue