|
|
|
|
|
|
Fyrste bilen på Kvernbru
Ja, så fortel Valborg Eckblad som har sendt oss desse bileta "frå forna da'r".
Det er nok "byfolk" som her er på besøk, i standsmessig køyrety som vi kunnskapslause diverre ikkje kan fastslå kva slag er.
Men, vi har som kjent ein bilekspert i laget som nok raskt melder seg
med dei rette opplysningane, kjenner vi han rett.
Som vi ser er det en skikkele' kjør-kopp, med bagasjekasse bak
og utstyrt med det vi ei stund kalla "sjølmords-dører", slike som opna seg
i framkant og var skumle om ein kom til å dra i handtaket i fart.
Bilføraren er Per Krogvig, framafor bilen, og dama i kjeledress
er "ho Lilla", velkjende Lilla Odd. Kven som gøymer seg bak Krogvig er ikkje godt å seia, men vi veit iallefall at bildet er
frå etter krigen, kan hende 1948.
Det er att ei mengd bilder etter Lilla, m.a. eitt som
pryder årets Heidalskalender.
|
|
|
|
|
|
Vi trur ikkje dette er same bilen som den øvst på sida, men i fylgje Valborg er dette den fyrste som køyrde setervegen frå Hålåbru'n åt Kveinnbru'n. Her står den ved varden på Høgste Kvernbrufly'n. Heidalsmuen kan skimtas i bakgrunnen. Denne milepelen av en køyretur fann stad på 1930-talet, og bilføraren var Per Krogvig, systerson til Lilla Odd. Lilla budde, som mange veit, fast på Kvernbru.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|