- Han Ola Krukhaugjè vart på mange måtar ein arvtaker etter 'om Hans Slettmo,
og det er hevda at ingen kunne låte opp att slåttane åt Slettmoè meire korrekt enn han Ola -


                 Av Anton Lilleseter


Far hans, Skreddar-Skårin, var hus-mann i Bjølstadlykkjun, og der såg han Ola dagsens ljos fyrste gongen i 1876. I ungdomen gjekk han i skreddarlære. Fyrste dressen han gjorde, tok han ”tvæ krono” for, fortalde han sjølv. Han kjøpte dressty av ein jøde for fem kroner. Så var det litt til forsaker og knappar. Ferdig kosta da dressen berre kring ni kroner. Men sa var skillingverdet eit anna au i dei dågåom.

Medan han var ungkar, dreiv han på anlegg om somrane og som skreddar om vintrane. I 1906 gifte han seg med Andrea Nilssonlykkjun. No kjøpte han nokså snart nørdre Klashaugen og budde der med sine til 1916. Da kjøpte han Krukhaugen og fløtte dit. Der i garden var det ikkje rare greiene den gongen. Han Ola måtte gå på og tå mangt eit tak både med hus og jord. Og han sette heimen i god skikk.
Vart granne med han Ola
Eg bygde i Bjølstadmo, eg, der fekk eg han Ola til næraste granne, for han sette opp hus åt seg der på sine gamle dagar, etter å ha gjeve fra seg heimen til ein av sonene. Eg bar meg for at det var mykje stein og slitsamt der i Bjølstadmoom. - Nei, dette er ingen ting, det, sa han Ola, mot det eg fekk å tåkåst med i Krukhaugjè med eg ståka der! Du skulle sett nybrota mine der, du gut!
Eg grev-braut, og sume sta’n kunne steinrøysa bak meg vera over meter'n høg! Vi
drog tå over 1000 lass med stein tå ein åker oss kalla Snalter-bakkjin! Det stykkjy er på eitt mål. Det er ikkje verdt du ber deg!

Golva han Stor-Gutorm
Men så hadde han gode krefter au slik i ungdomen. Det var ein gong han Stor-Gutorm Rindsæter kom innom ’n i Klashaugje. Han hadde slege i seg nokre gode drammar den gongen, og dermed sette ’n på og ville yppe og drågåst. Nei, ’n Ola bad seg unna, for han Gutorm var no ei kjempe som han ikkje ville eller kunne bjo opp med, meinte han sjølv. Men han Gutorm hauggde tak i han Ola, og dermed var det ikkje lenger spørsmål om kva han ville. Han laut nok spenne i det beste han orka no, skulle det ikkje vanke juling.
Jau, han Ola knepte i og gjorde bråtak det beste han var kar om, og trur du ikkje at han greidde å golve han Stor-Gutorm nedmed kjøken-beinkje i Klashaugje, så berre huset skolv. Det stod utor ein nykjyl i ei dør, og den rispa kjempa i skinnet. Han spakna, han Gutorm da, sette seg roleg på ein stol og baud ikkje på å drågåst meire.

Spellmeinn og arvtaker åt Slettmoa
Han vart spelemann au, han Ola. Alt i barne- og ungdomsåra høyrde han jamt og samt han Hans Slettmo. Så snart han høyrde Slettmoin skulle låte til dans i grenda, innfann han Ola seg, mest for å lyde og lære slåttane. Han eigna heilt åt seg det meste av musikken åt Slettmoa og vart arvtakaren hans.
Han let ikkje gjerne til dans, han Ola, men var det ingen annan å få, sa han ikkje nei heller. Såleis kom han til å låte i mangt eit morosamt lag.
- Eg ville helst sleppe, sa han, for det vanka så mange drammar at det ville ofte bli i meste laget.

-
Sist på han levde, og når han let slik for seg sjølv, kunne han låte slike slåttar som eg aldri visste han far kunne, sa han Iver, son hans. Det var slikt eg aldri hadde høyrt av andre heller. Det er da von til at han tok med seg ein god del gamal dølamusikk i grava -
Han hadde ei fele som sikkert ikkje var til sals. Ho skal vera over 200 år gamal! Han Iver, son hans, overtok denne. Han Ola møtte aldri på nokon kappleik. Han var bljug tå seg og lite
frampå. Hadde han møtt, hadde han nok hatt ei pen samling med premiar.

Glup te fiske
Han var storfiskar au. Å gå med stongen framved Sjoa, det var livet hans. Han har trekt opp mang ein god kult i sine dagar.
Eg var no frampå, eg au, og var tidleg ute mang ein gong. Såleis var eg ute ein gong ”fyry styggmann hadde skodd seg”, men kven annan trefte eg nedi elvkanten enn Krukhaugjin. Da hadde han alt ei honk med mange riktig pene aurar.

Go' på toraderè au
Han meistra ikkje berre fela. To-rader’n vart kjend i den tida, og han Ola lærde snart å meistre dette nye instrumentet. Ein gong i sine unge år låg han på Murudalè og arbeidde veg, og ein laurdagskveld trefte dei han Pål Prestgard som låg ved Mærings-dalsvatnet på fiske. Han Pål hadde med eit to-radersspel i bu’n sine, og han bau’n Ola:
- No kan du få kjøpe tå meg spelet!
- Da tenkjer eg helst vi går burti bue og spelar femkort-spel på torader’n, så blir ’n nok billegast for meg, svårå han Ola.

5-kortkule om spelet
Jau, det barst borti bua hans Pål, og no skulle det snart spørjast korleis det kom til å gå med eigedomsretten til dette nye spelet. Dei la på ein gild slant båe to, og no rauk dei i hop i ei habbeleg fem-kort-kule. Det gjekk som han Ola hadde tenkt: Han vann to-rader’n.
Han hadde alt fingra med eit slikt instrument før, så han stod ikkje fast med å få ljom og låt i det no heller.
Karane vart slik forlikte om at dei skulle ut og riktig prøve ny-spelet denne laurdagskvelden.

Spellmeinn i trillbårun
Ein av dei fann seg ei trillbåre og bad han Ola setja seg oppi og låte ein skikkeleg gild slått. Jau, han Ola sette seg godt tilrettes, og til å traktere ny-instrumentet. Det ljoma friskt utover Murudalen, og budeier og karfolk lydde og tok til å gå etter lætet. Det samla seg snart folk kring spelemann og trillbåra, og slik gjekk toget fram.

Karane gjorde skifte på med trillingen. Dette festtoget stana ikkje før dei kom til Hålåsætra i Nysætrom. Da hadde det sanka seg i hop ein heil festlyd, og no let han Ola der til dans like til sola tok til å glø over fjella rundt om.

Fela var gjevast leill
Men det var no fela han heldt kjærast all sin dag. Han Matias Kolloen, som sjølv var ein god spelemann, sa at han visste ikkje om nugun som kunne låte oppatt slåttane etter han Hans Slettmo så korrekt som han Ola Krukhaugjè.

Han var ein god granne, han Ola, ein koseleg og lettliva kar, riktig ein rugg tå det gamle godslaget. Dei vil ikkje bli gløymde så reint fort, slike karar som han Ola Krukhaugjè.

                               
Anton Lilleseter



ANTON LILLESETER
1920 - 1979
- skreiv ei rad artiklar til Årboka, og det finns ei oversikt i litteraturlista
på heimesida vår. Denne artikkelen
er frå 1964-utgåva.



louis vuitton outlet michael kors outlet beats by dre outlet cheap jordans louis vuitton outlet sport blue 6s jordan 3 sport blue history of jordan 6s sport blue 6s retro jordans for sale jordan 6 sport blue louis vuitton outlet louis vuitton outlet history of jordan 6s beats by dre outlet Louis Vuitton Outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet lebron 12 louis vuitton outlet louis vuitton outlet sport blue 3s louis vuitton outlet sport blue 3s michael kors outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet cheap oakley sunglasses louis vuitton outlet jordan 6 sport blue kate spade outlet jordan 6 history of jordan louis vuitton outlet sport blue 6s kate spade outlet louis vuitton outlet new jordans kate spade outlet jordan 6 sport blue legend blue 11s