- av Tor Einbu

HAN VAR MED FORELDRA SINE innover fjellet, det var fyrste gongen han skulle vera med til Verket som han hadde høyrt så mykje om.
I perioder var faren borte frå heime dagar i strekk, mor hans var òg med når det var som mest å gjera. Av og til var far hans også i fjellet på andre sida av dalen, han hadde høyrt namn som Gards-enden og Hondyrju, og enda lenger borte var det òg eit anna Verk, i ein dal som heitte Grimsdalen. Historiene var mange når dei vaksne sat og fortalde i lange vinterkveldar.

I går kom varselet frå sør i fjellet om at at reinstrekket var i gang, mannskapet ved Gardsenden var klare til å gjera det dei skulle, og første reinsflokken var snart på veg nedover langs gjela som elvene Grøna og Jora går i. Alt mannskap vart da mobilisert, og da var det berre å håpe at vindretninga og lykka var på inndrivarane si side, slik at reinsflokken havna på rett side av ledegjerdet, den som førte flokken inn i anlegget og mot rusespissen.

Dei var ei heil flokk, karfolk og kvinnfolk, fleire enn han hadde fingrar, som skulle til Verket denne tidlege morgonen. Han var ein gutunge på ti år, men han skulle likevel for fyrste gong ta sin tørn, ved Verket var det arbeid for alle. Han skulle vera hjelpemann på eit lag som frakta reinsskrottar frå rusespissen til slakteplassen med hest.

Alt da dei var i vigga såg han trestakane i ledegjerdet, som side ved side reiste seg mot himmelen, og da dei lenge etter passerte tjønna såg han taka på buene. Ved buene og i området mot anlegget sat og gjekk menneske, nokre slipte knivar, andre stelte hestane eller såg over selety og anna utstyr. Nokre gjorde klart for avkjøling av kjøt, som skulle fraktast vidare til fjerne marknader.
Og han merkte seg desse framande som sat for seg sjølv og som snakka eit språk han ikkje forstod. Dei hadde òg ein framand utsjånad, og han kjende ei viss uhygge ved dei. Men han hadde høyrt at dei var gode fangstarar, sjølv om folket frå bygdene og dei kunne bli usamde av og til om kva dyr som skulle slaktast og kva som skulle sleppast ut att.

Spenninga ved buene var stor: Ville reinsflokken snart vera å sjå på toppen av Verket, eller ville inndrivinga mislykkast? Mennene sat oppe i bakken på andre sida av bekken og heldt auga med toppen av høa medan dei småprata.
Brått vart ei hand strekt opp, eit lavt utrop. Alle forstod at nå var det i gang, reinsflokken bølga over toppen av høa og var på veg nedover samlekvea. Det ville ennå gå ei lang stund før første pulje vart sleppt gjennom slusen og inn i avlivingskvea, men alle gjekk mot sine posisjonar og var klare for det som skulle gjerast. Og ingen måtte vera synlege for reinsflokken, det ville berre uroa dei.

Nå var det berre meldingar med lav stemme og armbevegelsar som gjaldt, roping ville vera for risikabelt. Det var nemleg berre nedre delen av fangstanlegget som var sikre med slinder mellom stolpane, vart reinen skremt så kunne han i panikk flykte ut mellom stolpane.

Da alle var i sine posisjonar vart det varsla frå utsiktsposten oppe i Grønhøa at nå vart første pulja sleppt gjennom slusen og inn mot rusespissen. Han kjende kor hjartet arbeidde hardara da han høyrde lyden av tråvande klauvar frå ein reinsflokk i panikk, han høyrde lyden frå strupene deira da dei forstod at gjerdet vart trongare og trongare. Han reiste seg og glytta mot rusespissen og såg noko som han aldri ville gløyme: Ei handfull rein inne i fangstbåsen, som forstod at dei var fanga, dei kom ikkje vidare. Hovudet med dei store gevira bøygd bakover, skummet stod dei om mulane, pusten gjekk som ein blåsebelg. Skarpe klauvar arbeidde mot dei glatte sidene på fangstbåsen men fekk ikkje tak. Folk på begge sider. Arbeidet var i gang.

Slik kan ein dag ved Verket i tidleg mellomalder framstillast. Korleis det verkeleg var har vi ikkje fantasi nok til å forestille oss.


Om Verket på Slådalen, Lesja

Massefangstanlegget for rein over høa Verket vart funne av forfattaren sommaren 1999.

Anlegget er av rusetypen, dvs. med ledegjerde som meir og meir nærmar seg kvarandre, for tilslutt å ende i ein rusespiss.
12-1500 steinsette stolpehol er funne, trevirke frå eitt av dei er datert til ca. 1125 e. Kr. Samla lengd stolpeholrekker er over fire tusen meter.
Eit par hundre meter frå rusespissen finst tufter etter fleire buplassar.
Ei tolking av stadnamnet ”Verket” kan vera at det var sjølve anlegget og fangsten som var kalla eit ”Verk”, altså produksjon i stor stil, med store innsatsmidlar og stort mannskap.


jordan 3 sport blue kate spade outlet jordan 6 sport blue louis vuitton outlet coach factory outlet louis vuitton outlet jordan 3 sport blue jordan 3 sport blue kate spade outlet cheap jordans louis vuitton outlet sport blue 6s louis vuitton outlet louis vuitton outlet Retro Jordans For Sale cheap jordans cheap jordans louis vuitton outlet history of jordan 6s cheap jordan shoes louis vuitton outlet louis vuitton outlet cheap jordans michael kors outlet concord 11s beats by dre outlet louis vuitton outlet coach outlet online louis vuitton outlet sport blue 6s louis vuitton outlet cheap jordan shoes louis vuitton outlet history of jordan 6s coach outlet online michael kors outlet jordan 6 sport blue louis vuitton outlet legend blue 11s oakley sunglasses outlet