Innafor Høgsetrin i Heidalè, nærare bestemd i Geitfjellet, vart det i gamle dågå henta ut bryn'stein både til lokalt bruk og til "eksport", ihvertfall til grannebygdene og også såpass langt unna som Østerdalen.
Denne steinen hadde ord på seg for å vera ypperleg god.
SIST PÅ AUGUST, for ein gongs skuld i eit triveleg haustvær, bestemde vi oss for å prøve å leite oppatt staden der steinen vart henta ut. Ola K. Randen vart med som vegvisar; han hadde vore der før ein gong og er ellers lommekjend i Heidalsfjella, m.a. etter mang ei elgjakt.
Det var fort gjort å finna spor etter graving, men vi angra på at vi ikkje hadde teke med oss redskap fordi den mest egna steinen er visstnok ikkje å finne på overflata. Denne er for hard til bryn'stein, og ein må noko ned i grunnen for å finne den fine sandsteinen som gjorde Geitfjell-brynea så velkjende og høgt verdsette.
I det siste nummeret av "I Heidalè" som Heimbygdslaget ga ut, vart brynea umtålå:

"Brynstein frå inni Geitfjellè innafor Høgsetrin har nok vore kjent frå langt attende. Denne merkelege, gråe sandsteinen hadde ein god eigenskap når det gjaldt å halde ljåeggen skarp. Men ikkje alle brynemne var like gode. Heldig var den som fekk seg eit nau'godt Geitfjellbryne i handa. Denne tunge steinklumpen, henta ned frå villfjellet, vart ein ting dei tok godt vare på og var redde for å misse. For ein som sette si ære i å vera god slått'kar, var det godt å veta at ein hadde eit makelaust bryne i brynstokken.
Ein som sjøl hugsa brynhenting i Geitfjellet, var han Steiner Ryen. Han fortalde at han var med far sin og gamle Knut Aspen og grov etter brynstein på sørsida av Geitfjellet. Den beste steinen låg under torva, så dei laut grave han fram. Stein som stakk fram i dagen var som regel for hard. Den flate steinen vart forma til høveleg storleik.
Steiner fortalde at når husmennene på Slette møtte til slåttonna, var dei vel utstyrde med bryne frå Geitfjellet. Spesielt hugsa han at Gammel-Vetlsætrin som hadde med seg fleire utvalde bryne frå Geitfjellet. Skikkeleg grove var døm, det meste han kunne gripe umkring. Og døm vart flittogt brukt. Når slåtten var over, var båe endane temmeleg tunnkvatte. Dei langkvatte ljåen så dei fekk tunn og brei egg.
Særleg godt hugsa han Steiner slåttkarar som han Jon Øien, Knut Svartholet på Sanden og han Jehans Øien. Dette var slåttkarar som heldt ljåen kvass som ein råkårkniv. Dei smøygde ljåbladet kring stein og tuver så det orntleg "sjørp" i grastuggom. Ein annan kar som var kjend som ein meister med ljåen, var han Even Lysåker. Ein stillferdug kar som aldri gjorde noko stort nummer av kunstene sine.
Frå sine fyrste ungdomsår, hugsa Steiner òg dei heimsmidde ljåane. Kvaliteten kunne vera så ymse. Det kom an på smeden. Ein som verkeleg meistra ljåsmiinga var han Gammel-Tor Aamodt. Aamodtsljåen hadde godt ord på seg. Det var nok herdinga av ljåstålet som Tor meistra betre enn dei fleste.
Seinare kom fabrikkljåane. Ein fabrikk som etterkvart vart kjend, var Fagstadfabrikken. Mange av kjøpljåane hadde den mangelen at dei var for harde i stålet. Da måtte dei eldast for å gjerast mjukare.
Det er utruleg kor flinke mange av dei gamle slåttkarane måtte vera til å halde kvasst.
"Det va sjelda oss slipte", fortalde Steiner. Ein av dei han hugsar best var Edvard Hjellet. "Eg kan ikkje hugsa eg såg han Edvard slipte ljåreiskapen sin."
Brynstein frå Geitfjellet vart nok spreidd langt utafor bygda. Skåbyggjingane henta seg nok bryne der. Det var også dei som henta bryne for salg. Ein kar frå Kvam som gjekk under namnet Brok-kokken, var ein av desse. Tilnamnet skulle han ha fått fordi han gjorde teneste som kokk da han avtente verneplikta. Han bar mang ei tung sekkebør med brynstein ned den bratte Høgseterlia. Han selde dei rundt omkring, men ein god del vart levert og omsett på butikken hans P.I.Sletten på Faukstad. Prisen var kr. 1,25 for stykkjy.
Kva han som skaffa dei tilveges fekk som løn for hardt strev, er uvisst. Det var truleg ikkje stort.
Det er au fortalt at folk som drog over fjellet til Østerdalen for å få seg onnarbeid, hadde med seg bryne frå Geitfjellet. Det begrensa seg vel sjøl kor store mengder dei kunne få med seg. Truleg var det mangel på skikkeleg brynstein blant østerdølene, så bryne frå Heidalsfjellet var nok gjev vare."

For dei som vil prøve seg som brynsteinsgravarar - og som har GPS - er posisjonen
N 61° 40,904 / E 9° 22,731

- Muin hadde dregi nedi "kvithuva" denne dagen -

Foto: Arne Jan Randen

louis vuitton outlet sport blue 6s louis vuitton outlet kate spade handbags foamposites for sale michael kors outlet louis vuitton outlet cheap jordan shoes louis vuitton outlet cheap louis vuitton louis vuitton outlet michael kors outlet louis vuitton outlet Lebron 11 Louis Vuitton Outlet history of jordan 6s Lebron 12 beats by dre cheap jordan 3 sport blue louis vuitton outlet history of jordan 6s jordan 6 history of jordan cheap jordans louis vuitton outlet history of jordan 6s michael kors outlet jordan 3 sport blue cheap jordan shoes michael kors outlet jordan 6 sport blue foamposites for sale sport blue 3s cheap jordans sport blue 3s jordan 3 sport blue sport blue 3s beats by dre outlet michael kors outlet Louis Vuitton Outlet louis vuitton outlet