Ein bortgjøymd - og kan hende nestan bortgløymd -
ATTRAKSJON I NERDALÉ
Brukvelven over Styggeklovo i Kleivom, rett synnafor Tjuvspranget, er eit
ingeniørarbeid av rang, og det er utførd av dyktoge heidøler - i "forna" tider.

Det er nok langt fleire som har køyrd over denne attraksjonen, utan å kjenna til den, enn dei som har vore over i baksi'un og beundra det prektige handverket. Det var han Ola Bekkjemillom som var bas for arbeidet, og ein kan m.a. sjå for seg vanskane med å få på plass ei forskaling til kvelven i dette oryddoge landskapet. Men Ola og brørne hass hadde nok den røynsla som skulle til. Vi har aldri høyrt om nokor olykke i samband med arbeidet så på eitt eller anna vis sikra dei seg nok. Og noko oventa besøk tå Arbeidstilsynet var det ingor fåre for.

Ein konstruksjon av dette slaget blir nær sagt sterkare di meire den blir belasta, og som ein ser finnst her ingen setningsskader eller andre lyter. Får den stå i fred for menneskelege inngrep og evt. jordskjelv, som er svært sjeldne her, så kan nok kvelven hass Ola vare i årtusener.

Det står att fleire "minnesmerkje" etter Bekkjemillom-brørne i Heidalè m.a. steinfjoset i nørdre Ro og det enda større fjoset på Horgje. Og det finst framleis folk i distriktet som mestrar steinmuringa på ein framifrå måte, så røynslene frå tidlegare tider har nok gått vidare ned gjennom ættleda.

Oppunder brukvelven har dei karane som deltok i arbeidet skrive forbokstavane sine med mønje, heiter det seg - og er nokon freista til å undersøkje dette nærare, så høyrer vi gjerne frå dei.
Det kunne og gjerne ha vore rydda bort eindel av krattet som snart vil gjøyme utsynet til brukvelven.

Gunnar Bilben fortel at da han som gutongje dreiv og klatra onde kvelvè,
fann han der årstalet 1917 hauggjè inn. Truleg året da kvelven var ferdig.


Tekst og foto: Arne Jan Randen




Ola Bekkjemillom



lebron 12 history of jordan 6s jordan 6 sport blue louis vuitton outlet lebron 12 coach outlet online foamposites for sale michael kors outlet coach factory online sport blue 6s history of jordan 6s louis vuitton outlet jordan 6 sport blue michael kors outlet jordan 6 sport blue louis vuitton outlet louis vuitton outlet cheap jordans foamposites for sale sport blue 3s louis vuitton outlet sport blue 3s cheap jordans louis vuitton outlet coach outlet online Michael Kors Outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet history of jordan 6s louis vuitton outlet sport blue 3s louis vuitton outlet cheap jordans beats by dre outlet Cheap Oakley Sunglasses jordan 11 concord louis vuitton outlet michael kors outlet jordan 6 history of jordan sport blue 3s