________Ved Arne Jan Randen
Vi tella ei stund på knappane om vi skulle offentleggjera denne saka, men bestemte oss da vi fann ut at ingen av dei lokale involverte har etter-komarar, - og born fødde utanfor ekteskap er slett ikkje noko ømtåleg tema i våre dagar. Men på byrjinga av 1900-talet var nok dette ein liten sensasjon, og mange heidøler vil vel hugse å ha høyrt om saka.
Når ein studerer kyrkjebøkene frå tidlegare tider, er det ikkje til å koma forbi at ein reagerer svært negativ på uttrykket uægte børn som så ofte vart brukt. Men derimot har vi høyrt hevda nå til dags at "Det finns ingen uekte born, berre uekte foreldre". Godt sagt!

Ein armodsheim
Nørdst på Kleivom, neafor nåverande rasteplass, låg det ein liten heim der armoda rådde. Tuftene synest enno.
Ei tid var dei òg sterkt plåga av sjukdom, og distrikslækjaren skal ha uttrykt at på Mons-Kleiven var det nok tuberkulosesmitte åt heile Heidalè. Ein som enno hugsar dei siste som budde der, fortel at bestemor hans hadde sterk hugsott for desse som budde i MonsPer-kurvingen og at han ofte vart sendt dit med ein matbit eller eit mjølkespann. Ein gong fekk han eit appelsin av ho Mons-Mari, men da han gjekk heimover att kom han
på det distriktslækjar Müller hadde sagt om sjukdomssmitta på Mons-Kleiven, og på det sende han appelsinet uti fyrste, opne isråkjè han fann.
Erling Bjørnson dømd til barnefar
Borna på Mons-Kleiven, som dei fleste andre stader, måtte tidleg ut i arbeidslivet – og Mari var ei tid tenestejente hjå sjølvaste Bjørnstjerne Bjørnson på Aulestad.
Der vart ho på veig med ein onge og fødde i 1901 ei jente. I kyrkjeboka (ministerialboka) for Vågå/Heidal står det at jenta var fødd 22.05.1901, døypt Helga Alvhilde. Som mor er oppførd "Pige Mari Olsdtr. Kleven [3dje uægte børn med forskjellige "", fødd i 1869. Som far står det slik:
"*) Tjener Laurits Hansen Grundstad af Østre Gausdal. Men nedst på sida står det: "*) Ved dom 5/10 1907 ved Søndre Gudbrandsdal ret er Erling Bjørnson [antat] til barnefar".
Det at tenestejenter vart grovt utnytta av fiffen var ikkje noko nytt - og nok heller regelen enn unntaket til tider. Vi får tru at Bjørnson fekk høve til å gjera opp for seg; på økonomisk vis ihvertfall.

Hugsar godt Helga
Johan Rønningen fortel: "Helga fekk setja opp vevstol oppå stugun på Rønningen og sat der og vov om dagane, for i 2. etasje var det berre rommet over kovane som var innreidd og i bruk til soverom for oldefar. Rommet framafor var uinnreidd. Oldefar brukte vel dette også til laggevirksomheita si."

Mari hadde òg ein son, Anton. Han omkom i ei sjogskriu i Kulidalè. Andre på Mons-Kleiven var syskena hennar, Mons-Per og Steiner Kleiven. Steiner hadde òg vore burti ei sjogskriu ein

gong og hadde eit stivt kne i all etter-tid. Per og Steiner var rundt på forskjellig arbeid. Dei grov opp og dyrka jordet til Tobias Dalen, rett nordafor husa i Nere Jonsgard. Dei grov også på Rønningen, oppe på Pinstad.

nei, ikkje på Mons-Kleiven!"
Erling Bjørnson vart seinare mest kjend for sine nazisympatier under krigen. Han overtok ei tid Aulestad etter faren, men greide ikkje oppgåva, så Bjørnstjerne måtte trø til att. Korleis det da hadde seg at Erling Bjørnson kunne vera ute på foredragsturnè om landbrukssaker er eit ope spørsmål, men han vitja òg Heidalen –og stod der på talarstolen og uttrykte m.a. at jordsmonnet i Heidalen er så bra at det burde kunne dyrkast korn mest alle stader. Da var det ein spissbur i forsamlingen som ropte:
"Å nei, gutt, ikkje på Mons-Kleiven!"
På den måten fekk skøyaren fortalt at han kjende til skyldskapen åt Bjørnson.

Helga vart gift med Anton T. Randen frå Kvam. Ho levde til i 1992 og er gravlagd i Kvam. Helga og Anton hadde ingen etterkomarar.


Takk til Helge og Johan Rønningen
for tilleggsopplysningar
- og til Per Fredriksen for informasjon om Helgas levetid i Kvam.

Var da Helga lik faren av utsjånad ?
Alle kan her døma sjølv, men det er vel ingen tvil om at det er ein betydeleg likskap.

louis vuitton outlet cheap jordans jordan 3 sport blue louis vuitton outlet jordan 3 sport blue beats by dre outlet sport blue 3s cheap jordans louis vuitton outlet beats by dre outlet coach outlet online michael kors outlet sport blue 6s louis vuitton outlet foamposites for sale sport blue 3s kate spade outlet lebron 11 louis vuitton outlet jordan 6 sport blue michael kors outlet jordan 3 sport blue louis vuitton outlet Kate Spade Diaper Bag louis vuitton outlet history of jordan 6s cheap jordan shoes kate spade diaper bag Kate Spade Diaper Bag kate spade outlet coach outlet online louis vuitton outlet concord 11s Louis Vuitton Outlet louis vuitton outlet jordan 6 sport blue michael kors outlet history of jordan 6s cheap jordans Louis Vuitton Outlet