Protokoll frå årsmøtet i Heidal historielag på Heidal skule 17.februar 2015

Ivar Teigum heldt foredrag for årsmøteforsamlinga. (Foto: Magne Teigen)

Leiaren av historielaget ynskte dei 25 frammøtte velkommen og inviterte forsamlinga til å halde ei eittminutts stillheit til minne om Hans Vineshaugen som hadde gått bort sist sommar.


Arne Andor Randen vart vald til møteleiar.


Sverre Nybø og  Rita Randen vart valde til å underteikne møteprotokollen.


Møtet hadde vorte annonsert med innkalling til årsmøtet i GD 3. februar og seinare også gjort kjent ved annonse i Norddalen og oppslag av plakatar. Kunngjering og innkalling til møtet vart godkjent utan          kommentarar.


Rekneskap for 2014 vart lagt fram av kasseraren og han uttrykte tilfredsheit med det økonomiske resultatet for året og den økonomiske   stoda til laget. Rekneskapet hadde vorte revidert av revisoren, Øivind Holen, og vart godkjent utan kommentarar.


Årsmelding for 2014 vart lese opp av leiaren.
Magne Teigen gjorde merksam på at han ikkje hadde nokon harddisk til oppbevaring slik det var opplysning om i meldinga. Med dette som einaste kommentar vart årsmeldinga samrøystes godkjent.


Fastsetting av medlemskontingent til kr. 100/år fekk full tilslutting.


Framlegg frå styret til vedtektsendring om å utvide talet på styremedlemmer frå fem til seks vart presentert og vart samrøystes vedtatt.


Val.
Valkomiteen foreslo attval av Arne Andor Randen som leiar, og han vart vald ved akklamasjon.


Valkomiteen foreslo attval av Åse Skogum som styremedlem,  og ho vart også vald ved akklamasjon.


Til nytt styremedlem etter vedtektsendringa (ref. pkt. 7) vart Sverre Svindland vald ved akklamasjon.


Følgjande vart valde ved akklamasjon som vararepresentantar til styret, i nummerert rekkjefølgje: 1. Per Prestgard, 2. Knut Klashaugen, 3. Martha Rindhølen.


Til medlemmer av valkomiteen vart valde Allan Hagen og Ola K. Randen (for 1 år).

 

Utanom protokollen er følgjande saker noterte for oppfølging:
- styret sine vararepresentantar skal innkallast til styremøta
- styret undersøkjer om det ligg til rette for å flytte Per-skåpet frå kjellaren  Heidalshallen til for eksempel Håndverkstunet