FORRIGE ÅRSMØTE blei halde den 2. mars 2010 med godt frammøte.
Styret i historielaget har hatt denne samansetning i 2010: Sverre Svindland, leiar,
Pål Prestgard, nestleiar, Hilde Engvik, kasserar, Jan Erik Kjær, sekretær og Jan Johansen, styremedlem.

I tillegg til årsmøtet for 2009 har det vore 9 styremøter i 2010.

Til nå er det oppretta 5 undergrupper og 2 prosjektgrupper i historielaget, og det er her det meste av arbeidet går føre seg i laget:

Arkeologigruppa held fram med arbeidet med registrering av ymse kulturminner.
Det har så vidt vore på nokre annonserte småturer i fjellet. Gruppa har eit godt samarbeid med ei forskargruppe frå NGU som arbeider med kvernsteinproduksjonen rundt om i landet. Vi har vist fram kvernsteinsberget i Sjolia og andre mindre lokaliteter i bygda. Gruppa har òg hatt representantar på kvernsteinsseminar i Vågå.
Gruppa ynskjer tips om forskjellege slags kulturminner.

Intervjugruppa driv med videointervju av eldre personer som fortel om hendinger og ting dei har opplevd som kan vera av interesse for andre. Er det nokon som vil vera med på dette hadde det vore fint om dei melder seg.

Friluftsteatergruppa hadde si fyrste framsyning nå i sommer. Dramatiseringa av «Det fyrste Amerikabrevet» av Kristian Prestgard som blei vist i Prestgardshågån var ein stor suksess. Framsyninga ga eit bra overskot. Gruppa satser på ny framsyning nå i sommar.
Styret takkar for vel utført arbeid.

Årsskriftkomiteen har nå i haust etter mykje arbeid gjeve ut den fyrste årboka for Heidal. Komitèen er godt tilfreds med resultatet, og det har òg salet vist. Opplaget på 500 er mest utseld, og det har resultert i eit stort overskott.
Arbeidet med boka tok til hausten 2009, og det har vore eit godt samarbeid innad i komiteen og med artikkelforfattarane. Inn mot fristen for trykking har komitèen hatt eit stort arbeid med korrekturlesing og skanning av bilder. Denne fyrste utgåva er fullt på høgde med andre lokalhistoriske bøker i regionen.
Eitt av medlemmane i komitèen har trekt seg, men komitèen er framleis motivert og har starta arbeidet med neste utgåve.
Styret vil gje honnør til komitèen for det gode arbeidet og resultatet dei har fått til. Vi takkar så mykje for eit verdfullt arbeid for heile bygda.

Foto- og filmgruppa er den nyaste undergruppa i historielaget og blei oppretta i mars 2010. Det er kjøpt inn 2 harddisker for sikker lagring av bilder som fotogruppa har digitalisert. Arne Jan Randen og Magne Teigen har kvar sin.
Gruppa har vidareført arbeidet med Heidalskalenderen som fotogruppa har hatt ansvaret for. Til dette har dei fått hjelp av eindel skriveføre personer i bygda. Dei har òg vore inne på tanken om å lage ei bildebok av alle tidlegare Heidalskalendere. Arbeidet med å samle inn, verifisere og ta vare på bilder held fram. Har du bilder som kan vera av interesse så er det bare å ta kontakt.

Bureisarprosjektet har nå kome i mål. Boka «Bureising i Heidal» blei utgjeve nå i sommar. Boka blei godt motteke, og av eit opplag på 750 er det nå seld bortimot 600. Bokkomitèen har fått mykje økonomisk støtte til prosjektet, og salet av boka har gjeve eit stort overskott. Vi takkar komitèen for eit viktig og vel utført arbeid.

Gards- og slektshistorie for Heidal. Arbeidet går etter planen, men det blir meir omfattande enn fyrst tenkt. Stoffet skal delast i 2 bind, og planen er at det fyrste bindet skal vera ferdig til Ope Helg nå i år. Dette er noko som mange ser fram til.

Historielaget har fått eit stort skåp/skatoll samt ein del gamle dokumenter av Ragnhild og Sverre Glad. Skåpet vart laga av Per Rusten omlag 1910 til Heidal kommune. Vi takkar så mykje for gåva. Førebels står skåpet på lager, men vi vonar at vi kan få ein liten plass i håndverkstunet der skåpet kan plasserast.

Under Ope Helg var det lansering av bureisarboka på Rindvang. Dette slo godt an. Lanseringa av Årboka på Weistad seinare på hausten var òg ein stor suksess. Det er tydeleg at det er god interesse for lokalhistorie hos bygdefolket.

Avdukinga av Jo Gjende-statua ved håndverkstunet samla mykje folk og var ei fin markering. Vi vil takke initativtakarane for eit vel gjennomført prosjekt. Historielaget har nå formelt overteke statua og skal stå for vedlikehaldet i framtida.

Det store daglege trekkplasteret til historielaget er heimesida som alle skryter av.
Webansvarleg Arne Jan Randen legg ned mykje arbeid i dette, og nå sist har han gjort eit kjempearbeid med å fotografere alle gravminna på kyrkjegarden i Heidal. Dette går inn i eit landsomfattande søkbart register over alle gravminna i landet. Styret kan ikkje få fullrost han nok for det arbeidet han gjer for historielaget.

Økonomien i laget har nå endra seg totalt. Dette er fyrst og framst på grunn av overskotet frå friluftsteateret, bureisarboka, årboka, Heidalskalenderen og Jo Gjende-statua. Tilskot frå kommunen og grasrotandelen gjer òg sitt til det gode resultatet.

I 2010 var det 51 betalande medlemmer i laget, mange av desse har adresse utafor bygda. Det er vårt håp at dette vil stige på sikt.

Det er mange oppgåver å ta fatt i, og vi håper at fleir vil melde seg og bidra på ein eller anna måte. Har du idèar eller innspel til ting som skulle vore gjort er det fint om du tek kontakt.

Heidal, 22. februar 2011

Styret i Heidal Historielag



sport blue 3s jordan retro 11 legend blue jordan 6 history of jordan Michael Kors Outlet coach outlet online louis vuitton outlet kate spade outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet cheap jordans retro jordans Lebron 11 louis vuitton outlet jordan 3 sport blue sport blue 6s history of jordan 6s legend blue 11s sport blue 6s michael kors outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet foamposites Kate Spade Outlet louis vuitton outlet legend blue 11s louis vuitton outlet louis vuitton outlet sport blue 6s foamposites for sale Nike KD VII louis vuitton outlet beats by dre outlet lululemon outlet louis vuitton outlet jordans for sale Louis Vuitton Outlet sport blue 6s lebron 12 jordan 3 sport blue jordan 3 sport blue