Januar 2009

Friluftsteater i Heidal ?

FORSLAG FRÅ LIV MARIT OG PER PRESTGARD

__Kristian Prestgard (1866-1946) har i boka ”STREIFTOG - Stemninger og skildringer” (Augsburg Publishing House, Minneapolis, U.S.A. 1937) ei forteljing; ” Det første Amerikabrevet”.

__I forteljinga er det kome brev frå sonen Arne til Elland og Eldri Hågå. Forfattaren, den lese- og skrivekyndige Kristian Prestgard, er tilkalla til Hågå for å lese brevet for foreldra og skrive eit nytt til Arne som har lagt bak seg den lange reisa over havet og er kome fram til Wisconsin. Kristian Prestgard skildrar stemninga i heimen, full av følelser knytta til dette fyrste livsteiknet frå deira einaste son, no i ferd med slå rot i ”fabellandet langt der borte”. - I brevet er også helsing til Marit Glenna frå nabobruket nord og opp for Hågå. Arne og Marit har hatt eit godt auga til kvarandre heilt frå barndommen. Etter at Kristian Prestgard er ferdig med det høgtidsame oppdraget i Hågå er han på veg nedi Prestgarden att og møter Marit som sit på ein flat stein ved Hågåvegen. Der ber han fram helsinga og hjelper Marit med å skrive ei lite helsing til Arne. - Nokre år seinare kjem det Amerikabrev, -billett til Marit. Forteljinga sluttar med at Marit og eit ungt syskenpar frå grenda sit på kvar si trekiste på langkjerra til Eirik Åseng som kjøyrer langs vegen ned gjennom bygda. Kistene er tydeleg merka med adresse Wisconsin. Dei tek avskil med foreldre og folk i grenda med eit enkelt ”du fær leva så vel!” utan å vise sine inste kjensler. Der dei sit på lasset snur dei seg ein gong attende men vinkar ikkje; det er ikkje skikk og bruk der i bygda...

Liv Marit og Per Prestgard ber historielaget vurdere om denne forteljinga kan dramatiserast og synast fram som friluftsteater. Dei meiner at stykket i såfall bør leggje vekt på å få fram trekk frå Heidalssamfunnet slik det var på den tida (siste del av 1800-talet) og ikkje minst tapet og saknet det var for dei gamle som sat att på husmannsbruka når deira etterkomarar emigrerte.

__Liv Marit og Per skriv vidare at om Historielaget så ynskjer vil dei tillate at framsyninga kan gå føre seg i Prestgardshagen der handlingane i forteljinga også går føre seg. Ein kan eventuelt tenkje seg at framsyninga vert delt i fleire akter der ei andre akt kunne finne stad ved den flate steinen attmed vegen nede ved søre Prestgard og ei sluttakt lenger nede som viser hest med langkjerre som kjøyrer avstad.
Forteljinga er lagt til våren, og det er Liv Marit og Pers forslag at ei eventuell framsyning skjer tidleg på sumaren. Ettersom plass og kapasitet elles i Hågå kan bli knappe bør det nok setjast eit maksimum tal for tilskodarar. Men blir det vellukka og mange fleire etterspør kan det drøftast om det skal vera fleir framsyningar seinare på sumaren.

Historielaget har stilt seg positivt til forslaget og vil gjerne koma i kontakt med fleire ressurspersonar som kan bidra med idear til regi og gjennomføring ellers. Interesserte vert bedne om å ta kontakt snarast med laget og/eller Liv Marit og Per Prestgard.

Her fylgjer utdrag frå Kristian Prestgard si bok, forteljinga om -
"Det første Amerikabrevet"

louis vuitton outlet louis vuitton outlet foamposites louis vuitton outlet louis vuitton outlet cheap jordans history of jordan 6s jordan 6 sport blue louis vuitton outlet coach outlet online jordan 3 sport blue concord 11s louis vuitton outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet michael kors outlet louis vuitton outlet coach factory outlet michael kors outlet louis vuitton outlet jordan 3 sport blue louis vuitton outlet louis vuitton outlet jordan 6 sport blue louis vuitton outlet sport blue 3s beats by dre cheap jordan 3 sport blue cheap jordan shoes history of jordan 6s jordan 6 history of jordan foamposites for sale history of jordan 6s history of jordan 6s jordan 6 sport blue cheap jordans sport blue 6s coach outlet online foamposites black suede jordan 11 legend blue