Referat frå årsmøtet i Heidal historielag på Heidal skule, 6. mars 2014

Leiaren i laget, Arne Andor Randen, ønskte velkomen til dei 24 frammøtte.

Sak 1.

Møtelyden samtykka til at møtet vart leia av Arne Andor Randen.

Sak 2.

Innkalling til møtet hadde skjedd ved plakatar rundt om i bygda og annonse i GD. Det var ingen merknader til innkallinga og saklista.

Sak 3.

Jan Johansen og Bjørn Idar Granli vart valde til å underteikne møteprotokollen.

Sak 4.

Årsmeldinga for 2013 vart godkjent utan merknad.

Sak 5.

Revidert rekneskap for 2013 vart lagt fram av kasserar Gustav Ekre, og einstemmig godkjent.

Sak 6.

Valkomiteen v/Einar Holen leia valet på kandidater til ymse verv. Alle val var einstemmige og fekk følgjande utfall:

                Leiar:    Arne Andor Randen, attvald for eitt år.

                Styremedlemmar: Kari Mosebakken, Gustav Ekre, Svein Sæther og Åse Skogum.

               Styret konstituerer seg sjøl ved utpeiking av nestleiar, sekretær og kasserar.

                Vararep. til styret:    Per Prestgard, Knut Klashaugen og Martha Rindhølen.

                Øyvind Holen vart attvald som revisor for to år.

                Valkomitè: Einar Holen (3 år), Åse Skogum (2 år), Sverre Svindland (1 år)

Sak 7.

Kontingent for 2015 vart einstemmig fastsett til kr 100,-

Sak 8.

Vedtektsendring.

Etter framlegg frå styret fekk paragraf 1 og 2 i vedtektene kvart sitt tillegg b) som respektivt har følgjande tekst: 1b) Hjelpe til å skape trivsel i bygda. 2b) Støtte tiltak og aktivitetar som er  positive for bygda. Endringane vart samrøystes vedtekne.

Sak 9.

Arne Randen orienterte om førebels planar for feiring av 200 års-grunnlovsjubileet. Det er lagt opp til arrangement om ettermiddagen i Åmodt 17. mai med program om m.a. eidsvollmannen Paul Harildstad.

Per Prestgard orienterte om om mogleg deltaking i Ope Helg-arrangementet 2014 med program om Åsengtyet og Ymbjør og Simen Aaseng.

Nemnda for årbok 2014 består av Anna Brobakken, Helga Holen, Ola K. Randen og Per Prestgard. Dei inviterer til å kome med idear til artiklar og gjerne tips til forfattarar.

Leiaren retta ein varm takk til Grete Lilleseter som etter to år går ut av styret. Ho har vore ein aktiv medspelar i styret. I tillegg har ho lagt ned eit verdfullt arbeid i utgjevinga av fire årgangar av årboka "I Heidalè" og Arne Jan Randen som tek ei pause som redaktør av heimesida, der han med stor dyktigheit i presentasjon og utforming av sida har gjeve laget eit verdfullt kommunikasjonsmiddel både mellom styret og medlemmane og mellom publikum og laget.

Etter bevertning var det kåseri av Jakub Skjedsvold om slektsforsking og framvising av filmen "Det gamle seterbruket".

 

sport blue 6s kate spade outlet cheap jordan shoes louis vuitton outlet michael kors outlet sport blue 6s lebron 11 louis vuitton outlet lebron 11 louis vuitton outlet nike kd 7 sport blue 6s Louis Vuitton Outlet jordan 3 sport blue history of jordan 6s michael kors outlet concord 11s louis vuitton outlet louis vuitton outlet jordan 3 sport blue sac louis vuitton Nike KD VII michael kors outlet retro jordans for sale history of jordan 6s kate spade outlet michael kors outlet Michael Kors Outlet jordan 6 sport blue louis vuitton outlet coach outlet online jordan 6 sport blue coach outlet online sport blue 3s Cheap louis vuitton foamposites for sale jordan 6 history of jordan sport blue 3s kate spade diaper bag cheap jordan shoes