STYREMØTE I HEIDAL HISTORIELAG.
Tysdag den 4. august  2015 kl. 1800 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag i Kyrkjestugu.
Tilstades: Arne Andor Randen, Kari Mosebakken,  Sverre Svindland,  Per Prestgard, Åse Skogum og Gustav Ekre. Svein Sæther  var ikkje tilstades.


Sak 1. Frå førre møtet. Orientering.

  1. Boksleppet for årboka er tidlegare fastsett til torsdag 12. november kl. 19.00 på Heidal skule. Det er nå ordna med annonsering av dette i den kommunale kulturkalenderen for perioden 01.09 – 31.12.
  2. Vitjinga frå Amerika av folk av heidalsslekt gjekk som planlagt den 7. juli. Åse og Per var omvisare og Magne Teigen stilte om fotograf. Sjølv om tida var knapp vart det eit vellukka møte.
  3. Kassettar etter Jørgen Espelund. Dette er det ikkje gjort noko meir med sidan førre møte, men ein vonar at dette kan sluttførast i løpet av hausten.

Sak 2. Ope helg

  1. Torsdag 13. august kl. 17.00 blir det vandring i Nerdalen frå Nørdre Kleiven til Grothe med retur til Nørdre Kleiven. Kjentmenn er Helge Frikstad og Jostein Espelund. Det blir historie frå Grothe og om gråsteinmurar Hans Olsen frå Norge. Me vil få sjå den fine mura steinvegen opp til Grothe. Det vil bli forteljing om folk som buddepå nedlagte plassar. Frammøte på rasteplassen på Kleivom kl. 17.00. Ta med drikke og biteti.
  2. Laurdag 15. august vil historielaget ha stand ved håndverkstunet i tidrommet kl. 11.00 – 14.00. Det blir sal av bøker, medlemmsverving og ellers tek vi imot gode råd og idear.
  3. Arne lager quiz som blir administrert frå standen.

Sak 3. Årboka 2015
Per fortalde om arbeidet så langt. Frist for innlevering av stoff var 1. aug. Frist til trykkeriet er 1. september. Det er nok stoff til boka i år.


Sak 4.Boksleppet av årboka
Programmet denne kvelden blei drøfta utan at det blei fastsett. Ein kjem attende til dette seinare.


Sak 5. Årsmøtet for 2015.
Det er ynskjeleg at annonse for årsmøtet kan kome med i kulturkalendaren for neste år. Tidspunktet blir fastsett seinare.


Sak 6. Idemyldring
Per la fram tankar om årboka i framtida. Han meinte at det var viktig å styrke datakompetansen i gruppa. Det har vore ein del feil i årboka som ein då kunne ha unngjenge. Styret har ingen innvendinger til at det blir starta arbeid med ein artikkel om vern av Sjoa.

Sak 7. Eventuelt
Etter oppslaget på heimesida om feil og manglar i «Gards -og slektshistoria» har det kome inn ein del rettinger. Desse må systematiserast og verifiserast. Dette tek Sverre og Åse seg av. På sikt tek ein sikte på å gje ut eit tillegg til bokverket med rettinger og manglar. Me håpar at alle som oppdagar feil seier ifrå om dette til historielaget.


Møtet slutt kl. 2000
Ref. Sverre