Historielaget og "Ope helg"

I samband med Ope helg hadde Heidal Historielag stand ved håndverkstunet laurdag 26. august 2015. Det var samla mykje folk i det fine veret og mange var innom standen til historielaget.  Det var her mogeleg å kjøpe bøker som er utgjeve i historielaget sin regi eller bøker som laget har fått av andre. Ein kunne og teikne seg som medlem i laget.
Det som trekte mest folk var quiz med spørsmål frå og om Heidal. Det kom innatt 48 svar og 4 av desse hadde 12 rette av tilsaman 14 spørsmål.
Vinnarane er: Sverre Krukhaug, Ola Vollen, Ivar Vassdokken og Steinar Lilleseter.
Premiering blir på årboklanseringa den 12. november 2015 kl. 1900 på skula.

Det var til tider trongt om plassen runt bordet til historielaget.

Husflidslaget hadde utstilling av gamle leiko på håndverkstunet.

Her ser det ut som Ingrid har kapra ein ny elev på spinnesida!