Blant dei bileta
- som Kjersti Enkerud Furuli frå Sjoa sendte oss, var dette av eit sagbruk
som det lenge vart spekulert på kvar befann seg. Det var forslag både på
Resset og Åmotet, men nå er rette løysinga på plass...


KJELL M. RESSET (tidlegare Hansen) fortel at dette er eit sagbruk
som låg nord og ned
for skulen på Sjoa. Han skriv vidare:

Biletet er frå eit sagbruk som stod nokre år på 50-60-talet.
Det kom nok opp som ei "erstatning" for det sagbruket som
tidlegare stod på søre Kolloen, men som vart rive
omkring 1950 om eg ikkje hugsar heilt feil.

Dette avbilda sagbruket stod omlag der han Paul Lunde
no har huset sitt - nedst i Kolomoa på bretten ned mot
"nye" butikken hans Sverre Bragelien (som åtte grunnen der),
altså på skrå nord og ned for Skogheim skule.

På biletet ser ein til venstre atti huset hans Anton Olsen,
og lengre bak skimtar
ein litt av eit hus i Bråkåli-garden.
Gjennom "gluggen" i ytre saghusveggen ser ein nedre del
av Sjoa-elva der denne møter Laugen.

Eg jobba sjøl på dette sagbruket ein sommarferie,
dels som sjauar og dels som "bakmann"
bak han Pål Åmot som sagmeister!
Eg er fødd og oppvaksen på gamle telefonsentralen på Sjoa,
og hadde den tida Hansen som etternamn.
Er altså bror til Solveig Båtstoløkken som bur der nå,
medan eg har budd i Gol sidan 1968 og i mellomtida har
tatt tilbake Resset som slektsnamn.

Sagmeister her på biletet er Per Enkerud, t.h. - og mannen
heilt til vinstre er
Kristen Resset frå Sjoa, fortel Ivar Bekkemellom.
Han i midten manglar vi framleis namn på.

Til dei andre bileta frå Kjersti


cheap jordans louis vuitton outlet foamposites for sale louis vuitton outlet cheap jordan shoes jordan 6 sport blue louis vuitton outlet history of jordan 6s kate spade outlet michael kors outlet kate spade outlet louis vuitton outlet Kate Spade Diaper Bag louis vuitton outlet Louis Vuitton Outlet michael kors outlet lebron 12 lululemon outlet new jordans louis vuitton outlet sport blue 6s coach factory outlet jordan retro 11 jordan 6 sport blue louis vuitton outlet Michael Kors Outlet coach factory outlet beats by dre outlet michael kors outlet louis vuitton outlet cheap air jordan jordans for sale foamposites black suede history of jordan 6s kate spade outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet Kate Spade Diaper Bag jordan 3 sport blue jordan 3 sport blue