Åmodt- og Bilbensfolk

Kjersti Enkerud Furuli frå Sjoa har sendt oss ei rekke gamle bilete
der det manglar namn på eindel personar. Kan hende du, eller nokon i nærleiken,
kan hjelpe ?
Kjersti spør om nokon har -eller kjenner til- bilete av JACOB BILBEN (1847-1921)

Takk til Kjersti for interessante bilder !

  1

Kjersti trur at dette biletet kan vera teki på Bilben.
Bortsett frå bestemor hennar, Rønnaug (Aamodt) Enkerud, heilt til vinstre
så er dei andre ukjente. Kan nokon hjelpe ?
Her har vi fått eit innspel av Aslaug Nyborg:
Nr. 2 frå vinstre er Anna (Bergdølmo) Bragelien så det er truleg at
bildet er teke på Øvre Bergdølmo og at dei øvrige er slektningar av Anna.

  2

Her er det ho heilt til høgre vi manglar namn på.
Dei andre er f.v. Ragnhild (Lysgård) Bilben, Emma (Bilben) Ryen,
Per Bilben og kona Karen, Sigrid ...., Ragna (Bilben) Hølmo,
dotter til Per og Karen. Den siste er som nevnt ukjend.

  3

Ein velkjend kar også i Heidalen, Even Bilben Aamodt som dreiv skysstasjon
i nørdre Åmodt. Her med nyanskaffa drosje. Nokon som kjenner bilmerket ?
Bilen er ein Buick, fortel Ivar Bekkemellom.
Og Magne Teigen har i registreringsarkiva funne ut at det er ein 1923-modell.

  4

Den gamle Kjeksbrua, her frå rundt 1930.
Ein noko anna vegstandard enn dagens.

  5

På tur over ei heller skranten Kjeksbru.
Ragnhild Aamodt t.v., seinare gift Erlandsen, i lag med danske turistar
på veg til Kulia.

  6

Kuli-setra, frå den tida det var aktivitet i kvart eit sel og fjos.

  7

Er det rau'osten som skal rørast kald ?
Budeie på Kuli'setra denne sumaren var Kristine (Aamodt) Widme,
i lag med sonen Einar, den minste, og syskjenbånet hennar, Jon Bilben.

  8

Er dette løypestrengen ved Storøygard'n ?
Brua der, som var av ein svært spesiell konstruksjon, vart teken av
storflaumen i 1938. Ny bru kom ikkje på plass før på 1950-talet (?)
etter ei stygg ulukke med løypestrengen i 1950, der to heidøler omkom.
Personen her er Steiner Storødegård, fortel Ivar Bekkemellom.

  9

Fisketur til Mugvatnet. F.v.: Valborg Bragelien, Ingrid, Pål og
Even Aamodt. Vidare Iver Bragelien, (ukjent), Rønnaug Aamodt Enkerud
og Ivar Aamodt.

  10

Nørdre Åmodt sitt fiskesel ved Mugvatnet, på 1940-talet.

  11

Ragnhild Bilben, f. Lysgård (1860-1938)

  12

Ragnhild i lag med barnebarnet Ragnhild Bilben,
seinare gift Jacobsen.

  13

Så dreg vi ned'st i dalføret til Søre Kollo, her frå rundt 1895.
Her var det bakeri under jernbanebyggjinga fram til 1896,
skysstasjon fram til 1922 - og gjestgiveri til 1949.

  14

KJELL M. RESSET (tidlegare Hansen) fortel at dette er eit sagbruk som låg nord og ned
for skulen på Sjoa. Han skriv vidare:

Biletet er frå eit sagbruk som stod nokre år på 50-60-talet. Det kom nok opp som
ei "erstatning" for det sagbruket som tidlegare stod på søre Kolloen,
men som vart rive omkring 1950 om eg ikkje hugsar heilt feil.

Dette avbilda sagbruket stod omlag der han Paul Lunde no har huset sitt
- nedst i Kolomoa på bretten ned mot "nye" butikken hans Sverre Bragelien
(som åtte grunnen der), altså på skrå nord og ned for Skogheim skule.

På biletet ser ein til venstre atti huset hans Anton Olsen, og lengre bak skimtar
ein litt av eit hus i Bråkåli-garden. Gjennom "gluggen" i ytre saghusveggen ser
ein nedre del av Sjoa-elva der denne møter Laugen.
Eg jobba sjøl på dette sagbruket ein sommarferie, dels som sjauar
og dels som "bakmann" bak han Pål Åmot som sagmeister!

Eg er fødd og oppvaksen på gamle telefonsentralen på Sjoa,
og hadde den tida Hansen som etternamn. Er altså bror til Solveig Båtstoløkken
som bur der nå,
medan eg har budd i Gol sidan 1968 og i mellomtida
har tatt tilbake Resset som slektsnamn.

Sagmeister her på biletet er Per Enkerud, t.h. - og mannen heilt til vinstre er
Kristen Resset frå Sjoa, fortel Ivar Bekkemellom.
Han i midten manglar vi framleis namn på.

  15

Rosenlund på Sjoa i 1936.
Her ser ein den gamle fagverksbrua over Lågen i bakgrunnen.
Ny bru kom året etter.


Pauline Bilben Resset dreiv landhandel på Sjoa i 55år, heilt til ho fylte 91.
Her i lag med ein av dei mange, trufaste kundane, Rønnaug Enkerud.

lululemon yoga pants history of jordan 6s history of jordan 6s louis vuitton outlet jordan 11 concord louis vuitton outlet louis vuitton outlet Kate Spade Diaper Bag louis vuitton outlet lebron 12 cheap jordans sport blue 6s louis vuitton outlet michael kors outlet history of jordan 6s coach factory outlet sport blue 6s beats by dre outlet michael kors outlet jordan 6 history of Jordan michael kors outlet louis vuitton outlet Louis Vuitton Outlet louis vuitton outlet michael kors outlet jordan 3 sport blue louis vuitton outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet beats by dre cheap louis vuitton outlet Cheap Oakley Sunglasses louis vuitton outlet sport blue 6s sport blue 3s cheap jordans sport blue 6s legend blue 11s coach factory outlet online jordan 6 sport blue