Invitasjon

150 ÅRS JUBILEUM - KRISTIAN PRESTGARD
I år er det er 150 år sidan Kristian Prestgard var født på Sygard Harildstad i Heidal. Denne smålåtne heidølen vart ein kjent bladmann og arbeidde mykje  for å halde interessa for norsk kultur  og litteratur oppe blant norske utvandrarar i Amerika. Gjennom sin litterære produksjon har han medverka til betre kunnskap om forholda i Heidal i siste halvdelen av 1800-talet.

I høve jubileet vil Heidal historielag lage til ei lita utstilling der ein viser fram bøkene han skreiv og blada han redigerte saman med bilde frå livet hans. Det vil også bli arrangert eit seminar på søre Harildstad og ein kulturkveld i Heidalshallen sundag 22. mai.

Seminaret startar kl. 10.00 sundagsmorgon i søre stugu på Harildstad med Ivar Teigum som leiar. Forskar Hans Hosar ved Norsk lokalhistorisk institutt  vil fortelje om kulturhistoriske perspektiv i det nesten 40 år lange brevbyte mellom Ivar Kleiven og Kristian Prestgard. Gunnhild Holmen  frå Najonalbiblioteket vil orientere om ei samling av handskrivi brev  frå Kristian Prestgard til Halvdan Koht, Bjørnstjerne Bjørnson og Johan Falkberget.
 
Det vil bli servert kaffe før opninga  og litt mat ved slutten.

Heidal historielag vil gjerne invitere deg til seminaret og håpar du har høve til å koma. Bindande påmelding til Per Prestgard tel. 47 39 75 13 (eller e-post til per. prestgard@gmail.com)  seinast sundag 15. mai.