Rasutsette plassar HELGE RØNNINGEN har sendt oss desse to gamle bileta der han peiker på at det ikkje fyrst og fremst er personane her som er interessante for folk utanom familien, men heller bakgrunnen. Takk til Helge, vi mottek gjerne fleire bilete frå gamledågå. |
Her ser ein nokre av husa i Hole før dei vart fløtte. Det nye stuguhuset er allereie kome på plass på ny toft. Husa vart fløtte etter at ein stor stein losna og kom rasande ned lia. Personen er Helges onkel Einar, f. 1917. --- o0o --- Og nedanfor ser ein husa i Nørdre Kleiven slik dei stod før dei vart fløtte nordover dit dei står nå. Det tyder på at det har vore minst sju hus i alt. Personane er Maria Bergdølmo (f.1887), Mari Rønningen (f. 1917) og Anna f. Bergdølmo (f. 1912), gift med Sverre Bragelien frå Sjoa. |