Amerikabesøk sommaren 2015

Slektninger i Nord Dakota etter Vetl-Ola (fyrste kræmaren i Bjølstadmo) tok på forsommaren kontakt med historielaget om eit besøk i Heidal. Dei ynskte å besøke stader der forfedrene hadde budd og også sjå  Heidalskyrkja. Den 5/7 var 7 av 8 barnebarn av Hans Moe (eldste sønnen til Ole og Mari Mo) på besøk.  Åse Skogum, Magne Teigen og Per Prestgard tok imot gruppa og Jan Johansen var guide i kyrkja og Bjølstadkapellet.

Bilde tatt på Sygard Harildstad. Fra venstre: Carol, Margareth, Lorrein, Linda, Vivian, Howard og Esther. (Foto: Magne Teigen)


Ole voks opp i Heidal. Foreldra var Johannes Johannesen Sundhågå frå Vågå og Ingri Hansdatter Brenna fra husmannsplassen Brenna under Søre Prestgard.
Ole begynte som frihandler i Bjølstadmo rundt 1865. I 1873 kjøpte Ole Midtre Aseng og busette seg der. Han vart gift i 1875 med gardjenta på Aaseng Mari Jacobsdatter Aaseng/ Steine. Foreldra var Jacob Jacobsen fra Aaseng og Anne Kristensdatter fra Nordre Harildstad.  Midtre Aaseng vart seld på tvangsauksjon i 1887. Ole døydde i 1889.

Her ser vi eit bilete av Ole Moe.


I 1893 reiste Mari Jacobsdatter Aaseng til Chetek, Wisconsin, Amerika med de fem siste barna, to hadde reist før. Mari vart buande i Chetek, Dovre township, Wisconsin heile livet.


Familien Moe namnliste:
Bak fra venstre : Kristian /Chris, f.1884, Gudbrand/Gilber,t f.1880, John, f.1878, Hans, f.1876,

Fremste rekke, fra venstre: Mathias/ Matt ,f.1889, Mari J. F.1853, Marit/Mary, f.1886, Anne/Annie, f.1882.

Barna til Ole og Mari:
Hans  1876
John  1878
Gudbrand  !880
Anne  1882
Kristen  1884
Marit  1886
Matias  1889

Hans vart gift med Jennie Nelson (svensk) og fikk 1 barn:
Joseph Orville Moe.  Gift med Ruth Thompsen
Deres barn ( som var på besøk):
Carol Arneson, Margaret Erikson, Lorraine Davis, Rachel Williams ( var ikkje med på turen til Norge),
Linda Eliason, Vivian Moe, Howard Moe og Ester Moe.


Vi har fått tilsendt mye informasjon om etterkommarane og de er spredd over hele Amerika.